Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingskoordinator - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 31.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vikariat som forskingskoordinator

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap er det ledig eit 100% vikariat som forskingskoordinator for 6 månader med høve til forlenging, knytt til eitt større internasjonalt forskingsprosjekt.

Forskingskoordinatoren skal medverke til prosjektstyring, leiing, prosjektgjennomføring og kommunikasjon. Koordinatoren vil få eit variert og utfordrande arbeid i tett samarbeid med fagleg leiar. Dette er ein stilling der både organisatorisk-administrativ erfaring, leiarerfaring og vitskapeleg kompetanse vil vere nyttig.

Prosjektet «Transforming into Open Innovative and Collaborative Governments (TROPICO)» granskar korleis offentlege styresmakter i Europa utviklast og endrast i møte med stadige krav om meir og betre samordning internt og eksternt, og i ei tid der IKT og digitalisering skapar nye moglegheiter for samarbeid, politikkutvikling og utvikling av offentlege tenester. Prosjektet er finansiert frå EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horizon 2020, frå 2017 til 2021. TROPICO har partnarar frå 12 institusjonar i 10 europeiske land.

Arbeidsoppgåver:

  • Ha ansvar for dagleg administrasjon av TROPICO, deriblant prosjektadministrasjon, rapportering til EU, informasjonsflyt og kommunikasjon i prosjektet.
  • Legge til rette for og bidra til forskingsformidling, seminar og konferansar relatert til prosjektet.
  • Halde ved like forskingsnettverk og kontakt med partnarar i prosjektet, eksterne partar, relevante styresmakter og brukarar.
  • Medverke til prosjektet sine forskingsaktivitetar der det er naturleg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum mastergradnivå. Erfaring frå forsking og forskingsadministrasjon vil vere ein fordel.
  • Relevant erfaring frå prosjektleiing og prosjektadministrasjon.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk.
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi ser etter deg som:

  • Gjennom resultat og referansar kan dokumentere å ha arbeidet sjølvstendig og strukturert.
  • Er målretta, initiativrik, og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • Har eit stort engasjement for samfunnsvitskapeleg forsking.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver ved eit internasjonalt forskingsuniversitet med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Løn etter lønssteg 64-68 (seniorrådgjevar 1364). Dette utgjer for tida kr. 573 100 – 615 900. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.

Søknadsfrist: 31. desember 2019.

Søknaden skal merkast: 19/26032

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS