Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

AV - koordinator (IT-avdelinga)

Søknadsfrist: 19.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

AV-koordinator

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Vil du være med på å skape framtidas lærings og formidlingsmiljø på UiB? Vi skal oppdatere og vidareutvikle undervisningsrom og skape nye læringsarenaer i tida framover, og søker etter ny medarbeidar.

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for Samhandlings- og Undervisningsteknologi, er det ledig ei fast stilling som overingeniør/senioringeniør knytt til innkjøp, utvikling og drift av AV i undervisningsrom. Stillinga kan også verte tillagt oppgåver med utvikling og drift av andre AV- og IT-løysingar samt oppgåver knytt til generell drift av løysingar for AV og anna undervisningsteknologi.

UiB har over 200 undervisningsrom. Me er inne i ei reise frå tradisjonelle AV-løysingar og over i AV-over-IP, fleksible læringsareal og nye læringsformer, men også i ei reise der dagens AV-løysingar skal overvakast og administrerast med størst mogleg automatikk og minst mogleg spesialtilpasning.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette

Arbeidsoppgåver:

  • Innkjøp, drift, løysingsdesign og vidareutvikling av AV og undervisningsteknologi ved UiB
  • Samarbeid med og oppfølging av leverandører av AV-utstyr og service
  • Konfigurasjonsstyring, sikring og robustisering av løysingane du har ansvar for
  • Feilsøking og feilretting på tenesta
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar
  • Anbod og avrop på avtalar ved bestilling av nye løysingar
  • Utredning, prosjektdeltaking eller -leiing innan dine eller nærliggande fagområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Grunnkompetanse innan nettverk og IT
  • Dybdekompetanse og praktisk erfaring innan AV, lyd og bilete
  • Grundig, detaljorientert, men må også ha evne til å sjå samanhengar
  • Sjølvstendig, men må óg kunne arbeide i team
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • For å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Det er ei fordel om du har:

  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Interesse for pedagogikk og formidling
  • Kompetanse innan Universell Utforming for lyd og bilete

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 53-68 (for tida kr 464 800 - 607 700), eller 58-68 (for tida kr 505 800 – 607 700) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Bjørn Tore Sund (bjorn.sund@uib.no, mobil 91 86 80 75)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS