Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Arkivar - Universitetsmuseet i Bergen

Søknadsfrist: 27.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Arkivar ved Universitetsmuseet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

Ved Avdeling for kulturhistorie, Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, er det ledig ei fast heiltidsstilling som arkivar knytt til dei kulturhistoriske arkiva. Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål.

Dei kulturhistoriske arkiva omfattar både fysiske og elektroniske arkiv, og inneheld mellom anna dokumentasjon om funn og fornminne i museumsdistriktet. Dei arkeologiske arkiva er bygde opp gjennom systematisk innsamling og arkeologisk aktivitet sidan midten av 1800tallet, og har årleg ein betydeleg tilvekst frå arkeologisk utgravings- og registreringsverksemd. Andre arkivdeler inneheld eit rikt institusjonshistorisk dokumentasjonsmateriale, knytt til alle dei kulturhistoriske samlingane og fagområda ved museet. Arkiva er ei uvurderleg kunnskapskjelde for forsking, formidling, kulturminnevern og for publikum. Den digitale delen av arkivet vert forvalta via det nasjonale MUSIT-nettverket, og ei vesentleg oppgåve for arkivaren er utvikling av rutinar for dei digitale arbeidsprosessane.

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåvene i stillinga omfattar arbeid med arkivdanning, saksbehandling, rapportering, bruk av arkivet, samt sikring og tilgjengeleggjering. Den som blir tilsett vil ivareta dagleg drift av arkivet og ha ansvar for oppfølging og kvalitetssikring. Arkivaren skal ta imot og følgje opp førespurnadar, bestillingar og studiebesøk, internt og eksternt. Arbeidsoppgåver kan bli endra.

Arkivaren har også ansvar for koordinering, opplæring og kvalitetssikring av arkivfaglege digitaliseringsprosjekt, noko som kan innebere arbeidsleiing for praktikantar og prosjekttilsette.

Museet ønskjer å vidareutvikle arkiva som kjelde til forsking og formidling, og den som vert tilsett skal bidra til ytterlegare aktivisering av museets kulturhistoriske arkiv.

Det er ønskeleg at arkivaren som vert tilsett skal kunne fungere som kontaktperson mot relevante prosjekt i Universitetsmuseenes IT-organisasjon MUSIT.

Stillinga medfører et tett samarbeid med museets ulike einingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i arkeologi, kulturminneforvaltning eller tilsvarande, samt relevant arkivfagleg praksis. Alternativt bachelorgrad i arkivfag og i tillegg minimum ett års relevant praktisk erfaring som arkivar med tilsvarande arbeidsoppgåver ved eit kulturhistorisk museum.
  • Dokumentert kunnskap om korleis arkeologisk dokumentasjon vert skapt, brukt og forvalta
  • Erfaring med bruk av elektroniske arkiv og saksbehandlingssystem
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode datakunnskapar

Det er ønskeleg med:

  • Kjennskap til universitetsmusea sine samlingsdatabaser (MUSIT)
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring frå bruk av relevante lovverk (arkivlov, personlovgjeving, offentleglova, forvaltningsloven og kulturminneloven)
  • Digital kompetanse frå digitaliseringsprosjek
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar:

  • Arkivfagleg motivasjon
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Konstruktiv og nytenkande
  • Utviklingsorientert

Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Stillinga er plassert i stillingskategorien rådgjevar (kode 1434) frå lønssteg ltr. 53 – 62 (for tida kr 472 000 – 552 800 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn verte vurdert
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla C. Nordby, leiar, Seksjon for samlingsforvaltning og konservering. E-post: camilla.nordby@uib.no, tlf: (+47) 55 58 61 68, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller
  • Asbjørn Engevik, leiar, Avdeling for kulturhistorie, epost: asbjorn.engevik@uib.no, tlf (+47) 92 02 37 11, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknad:Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS