Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Arealkoordinator

Søknadsfrist: 15.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Arealkoordinator

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i syv fakultet og rundt 40 institutt og faglige sentre. Universitetet i Bergen er òg ein del av et globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 400.000 m2, inkl. innleige av 99.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 465 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 230 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstadvollen/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg. Prosjekt seksjonen har det administrative ansvaret for gjennomføring av arealplanlegging/forvaltning, nybygg, større og mellomstore ombyggingar/ rehabiliteringar, samt interiør.

Arealkoordinator Ved Eigedomsavdelinga, Prosjektseksjonen er det ledig ei fast 100% stilling som arealkoordinator. Vi søker etter ein dyktig, erfaren og engasjert person som kan vere med å utvikle tenestene rundt arealforvaltning. Areal eininga er ein del av Prosjektseksjonen som har ansvar for planlegging og gjennomføring av nybygg-, ombygging- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang og kompleksitet, og arealkoordinering og byggprogrammering er ein viktig del i byggeprosjekta.

Areal eininga arbeider mellom anna med spørsmål omkring arealforvaltning og tek hand om oppgåva med arealplanlegging i byggjeprosjekter, inngår og følgjer opp inn- og utleige kontraktar, internhusleige og tett kontakt med fakultet, institutt og andre brukarar i arealsaker. Eininga har pt. 3,5 årsverk. Arealkoordinator er bindeleddet mellom Eigedomsavdelinga og brukarane, i hovudsak fakulteta, UM, UB og administrative avdelingar.

Stillinga rapporterer til gruppeleder Areal og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å følgje opp ordninga med internhusleige
  • Systematisere og halde oversikt over, inngå og følgje opp leigekontraktar på inn- og utleige av areal
  • Følgje opp interne og eksterne leigetakarar
  • Følgje opp fakultet og administrative einingar i arealspørsmål
  • Ansvar for å utarbeide areal- og byggeprogram saman med brukarene
  • Kommunikasjon med leigetakarar i bygge- og ombyggingsprosjekt
  • Flyttekontakt for brukarmiljø i flytteprosessar, koordinere aktivitetar og gje informasjon
  • Bistå ved sal av eigedom
  • Følgje opp parkering og sykkelparkering ved UiB
  • Delta i arbeidet med ein overordna arealstrategi for UiB
  • Andre oppgåver knytt til arealforvaltning

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning gjerne masternivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke, gjerne juridisk, teknisk eller økonomisk utdanning, ev. ingeniør/arkitekt. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande utdanningsnivå
  • Relevant erfaring, gjerne frå arbeid med arealkoordinering
  • God IT-kunnskap og kjennskap til aktuelle edb-baserte verktøy
  • God skriftlig framstillingsevne på norsk

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Kunne kommunisera godt med ulike leigetakarar, brukarar og samarbeidspartar
  • Kunne arbeide både med oppgåver med mykje detaljer og oppgåver som krev innsikt i komplekse strukturar og prosessar
  • Ha gode forhandlingsevner

Personlege eigenskapar for stillinga vil verta tillagt stor vekt og vi ser etter ein person som:

  • Være initiativrik og ha evne til å kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Er systematisk og strukturert, og arbeidar sjølvstendig
  • Er fleksibel og har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt
  • Er initiativrik, løysings- og resultatorientert
  • Har evne til å prioritere oppgåver og være leveransedyktig
  • Likar å jobbe tverrfagleg
  • Har god forståing for organisatoriske prosesser

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Stillingskode som seniorkonsulent (1363) / seniorrådgivar (1364) / rådgiver (1434), i ltr. 59 - 69 (pr. tida kr 523 200 – 627 700), avhengig av stillingskode, ansiennitet og kvalifikasjonar, etter hovudtariffavtalane i staten. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: https://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sinemedarbeidereHer kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass:

https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleiar Elin Horntvedt, mob. 974 66 031, mail: elin.horntvedt@uib.no
  • Seksjonssjef Kjartan Nesset, mob. 959 12 831, mail: kjartan.nesset@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS