Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Vikariat som miljøkoordinator
Søknadsfrist: 16.06.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Miljøkoordinator (overingeniør)
Ved Seksjon for HMS, beredskap og BHT er det ledig eit 1.års vikariat som miljøkoordinator.
Seksjon for HMS, beredskap og BHT er ein fagseksjon i HR-avdelinga. Seksjonen sine oppgåver femnar om førebyggande og systematisk HMS-arbeid retta mot arbeidsmiljø, ytre miljø, organisasjon og enkeltindivid. Seksjonen arbeider innenfor eit bredt spekter av faglege utfordringar i eit internasjonalt arbeidsmiljø. Seksjonen har 8 tilsette med eit godt tverrfagleg samarbeid, med stor fagleg bredde og relevant kompetanse.
Arbeidsoppgåver:
- Koordinering av aktivitetar i arbeidet med det ytre miljøet, herunder engasjere og motivere studentar og ansatte til å ta val som reduserer klima- og miljøpåverknad
- Vere bindeledd for ei koordinert miljøsatsing innafor universitetet
- Samarbeid med andre interne og eksterne gruppar
- Sekretariatsfunksjon for universitetets miljøstyringsgruppar
Arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare relevant utdanning på masternivå, alternativt bachelor med arbeidserfaring.
- Utdanning og praktisk erfaring innan kommunikasjon og prosjektleiing vil få stor verdi ved vurdering av søkjerane
- God miljøfagleg kompetanse og interesse for å fremme klima- og miljøforbetringar og engasjere ansatte og studentar
- Det er krav om god munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk og generelt gode IT-kunnskapar
- Sjølvstendig, løysnings- og resultatorientert og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Høve til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø
- Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 513 600 - 573 100) i det statlege lønsregulativet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Seksjonsleiar Roar Nese på tlf. nr: 55588741 eller mobil 977 27 767, e-post: roar.nese@uib.no
Nærare informasjon om Seksjon for HMS, beredskap og BHT ved Universitetet i Bergen
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.