Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor (vikariat) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 23.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat 50 % stilling som universitetslektor i indremedisin/geriatri til 29.2.2020.

Klinisk institutt 2 driv medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktig oppgåver knytt til utdanning av legar, mastergrads- og doktorgradsutdanning innan medisin og farmasi.

https://www.uib.no/klin2

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisninga vil i hovudsak gå føre seg på Haraldsplass Diakonale sjukehus for medisinstudentar i 5. og 6. termin av utdanninga. Undervisninga er i stor grad organisert i smågrupper og knytt til klinikken.
  • Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamen ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.
  • Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisninga i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan, og for undervisning av studentar, samt vidare- og etterutdanningsaktivitetar.
  • Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Den tilsette kan bli pålagt å delta i universitetets styringsorgan, komitear og anna arbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha medisinsk embetseksamen, brei og relevant klinisk erfaring i indremedisin og geriatri, deltidsstilling ved relevant helseinstitusjon eller Medisinsk fakultet i Bergens-regionen, samt engasjement og interesse for undervisning.
  • Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring. Pedagogiske kvalifikasjonar vektleggast.
  • Søkjar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
  • Det blir lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 52-63 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 456 900-555 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar samt ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • Dersom du driv forsking legg du og ved:
  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf formaDet er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anette Hylen Ranhoff, anette.ranhoff@uib.no, tlf.: +47 92810198

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til kvinner om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS