Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i norsk som andrespråk - Vikariat

Søknadsfrist: 17.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % vikarstilling som universitetslektor i norsk som andrespråk frå 13.01.2020 til 31.05.2020.

Norskkursa ved LLE har for tida 14 fast tilsette universitetslektorar som underviser utanlandske studentar og tilsette ved UiB i munnleg og skriftleg norsk, frå nybegynnarkurs til kurs med fokus på akademisk skriving. Norskkursa gir òg ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. I tillegg til undervisninga kjem eksamensarbeid som sensurering, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver. Ein arbeider òg med å utvikle nettbaserte læringstilbod. Den som blir tilsett skal ta del i alle oppgåver.

Kvalifikasjonar:

Den som blir tilsett bør ha mastergrad eller cand.philol.-grad i nordisk språk og litteratur med norsk som andrespråk i fagkrinsen, mastergrad eller cand.philol.-grad i norsk som andrespråk, eller tilsvarande utdanning.

Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar og røynsle med undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. Andre relevante kvalifikasjonar vil vere røynsle med pedagogisk utviklingsarbeid, røynsle frå nettbasert undervisning / fleksibel læring og vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne dokumentere kompetanse i bokmål og nynorsk. Søkjarar må ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009 / LR25) avhengig av tenesteansiennitet. For tida tilsvarer dette mellom 463 600 - 572 700,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar

3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring.

5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)

6. Fullstendig publikasjonsliste

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og praktisk prøve.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS