Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i nordisk litteraturvitskap - 50 % vikariat

Søknadsfrist: 17.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i nordisk litteraturvitskap

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 50 % vikarstilling som universitetslektor i nordisk litteraturvitskap frå 1.1.2020 til 31.6.2020.

Nordisk litteraturvitskap gir undervisning og rettleiing på bachelor-, mastergrad- og phd-nivå. Studiet inneheld litteraturhistoriske og litteraturteoretiske emne, og fordjuping i ulike forfattarskap og periodar. Den som tek til i stillinga skal bidra til undervisning i nordisk litteratur på bachelor- og masternivå, i tillegg til rettleiing av oppgåveskriving, oppfølging av studentar og eksamensarbeid. Største delen av undervisninga vil bli lagt til kurset NOLI102. Litteratur etter 1900, og erfaring frå arbeid med nyare nordisk litteratur er difor ynskjeleg

Kvalifikasjonar:

Den som vert tilsett må ha oppnådd mastergrad i nordisk eller tilsvarande utdanning med nordisk i fagkrinsen.

Det vert lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring frå undervisning på universitets- og høgskulenivå. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009 / LR25) avhengig av tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida mellom 463 600 - 572 700,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar

3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring.

5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)

6. Fullstendig publikasjonsliste

7. Inntil 3 vitskaplege arbeid (avhandlingar, monografiar eller artiklar).

Populærfaglege og praksisretta arbeid, som til dømes læremiddel, kan sendast inn i staden for vitskaplege arbeid.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og kan også bli kalla inn til prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS