Stilling:

Universitetslektor (20 %) vikariat i musikkterapi

Søknadsfrist 28.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 %) vikariat i musikkterapi

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei mellombels vikarstilling som universitetslektor (20%) innan fagområdet musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå 01.08.2019 – 31.06.2020.

Arbeidsoppgåver:

Vi søker ein universitetslektor til undervisning i musikkterapi på studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Den som vert tilsett bør ha erfaring og kompetanse i musikkterapeutisk praksis med barn. Undervisningsoppgåver som er aktuelle er knytt til musikkterapi med barn og unges oppvekst, til innføringsemner i musikkterapi og rettleiing av studenter på både BA- og MA-nivå. Undervisningsoppgåver på andre emne kan og verte aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkarar må normalt ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuell disiplin. Søkarar må og ha erfaring som praktiserande musikkterapeut.

  • Dokumentert kompetanse i fagområdet
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren sin utdanning, undervisning og rettleiing

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Forskingserfaring
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) i lønssteg 52 - 64 (kr. 456.900 - 565.500, lønsramme 25:6). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bede om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Undervisningsspråket er til vanleg skandinavisk og engelsk.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 69 79

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS