Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Tannhelsesekretær (fleire vikariat)

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Tannhelsesekretær (fleire vikariat)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig vikariat som tannhelsesekretær. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

Arbeidsoppgåver:

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver
  • bestille og oppbevare forbruksmaterialar
  • telefon/resepsjonsteneste
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • må kunne jobbe sjølvstendig og i team, effektivt, ansvarsmedviten og nøyaktig
  • mellommenneskelege eigenskaper er svært viktig i møtet mellom kollegaer og pasientar
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem
  • handtera telefonar
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 371 500 – 403 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen