Stilling:

Førstelektor / universitetslektor i sosiologi - vikariat

Søknadsfrist 10.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektor/ universitetslektor i sosiologi- vikariat

Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som førstelektor/universitetslektor i sosiologi i 100 % stilling frå 01.04.19 til 31.03.2020.

Sosiologisk institutt - som ligg i kulturbyen Bergen med nærleik til vakker natur - tilbyr eit spennande miljø for forsking og utdanning i sosiologi. Det høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram, samt eit doktorgradsprogram. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil som består av følgjande tre område:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, integrering og mobilitet
  • Arbeid, klasse og utdanning

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisnings- og utviklingsarbeid på lavere grads nivå,i hovudsak undervisning på emnene sos105 Arbeid under kapitalismen og sos103 Samfunnsstrukturer i endring. Høsten 2019 vil det være aktuelt med undervisning særlig i sosiologisk teori.
  • Veiledning på lavere grads nivå
  • Eksamensarbeid
  • Deltakelse i oppgaver knyttet til undervisningsvirksomheten på instituttet

Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett som førstelektor må:

  • ha doktorgrad innan sosiologi
  • ha faglig kunnskap på de feltene som utlysningen dekker
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Det vil være en fordel med undervisningserfaring på områda arbeidssosiologi/historisk sosiologi. Pedagogisk og/eller fagdidaktisk utdanning er også en fordel. Engasjement for undervisning og om ein er personleg egna for stillinga vil bli tillagt vekt.

Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar med doktorgrad vil det vere aktuelt med tilsetjing som universitetslektor. Kravet for universitetslektor er mastergrad i sosiologi, samt relevant forskingsvitskapleg kompetanse utover mastergrad.

Vi kan tilby:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Årsløn for førstelektor er 59 - 65 (kode 1198/LR24 i statens regulativ) tilsvarande NOK 515 200 – 567 100. Årsløn for universitetslektor er 51 - 59 (kode 1009/LR25 i statens regulativ) tilsvarande NOK 449 400 – 515 200. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

For søknad på førstelektor i tillegg:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil tre vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, inklusiv eventuell doktoravhandling.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknaden skal merkast sak 19/605. Søknadsfrist er sett til 10. februar 2019

Aktuelle søkjarar vil blir innkalt til intervju. Det kan óg bli aktuelt å prøva undervisningskompetansen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Liv Johanne Syltevik .

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar – HR, Even Michal Endresen .

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS