Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Instruktørtannlege (fleire vikariat)
Søknadsfrist: 12.01.2020
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig fleire vikariat som instruktørtannlege. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, ha ulik stillingsprosent og tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodonti og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- norsk autorisasjon som tannlege
- erfaring frå allmenn praksis og undervisningserfaring er eit ønskje
- stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- stilling som instruktørtannlege (kode 1015) er lønt i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 513 600 – 594 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30, eller e-post: Neshe.Lie@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.