Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i havvindenergi

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan havvindenergi.

Om instituttet

Geofysisk institutt er eit internasjonalt anerkjent fagmiljø innan områda hav- , vêr- og klimaforsking. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking innan meteorologi, klima, fysisk og kjemisk oseanografi og fornybar energi. Instituttet sin forskingsstrategi er basert på bruk av moderne «state of the art observasjonar» i kombinasjon med teoretiske studiar og modellering. Instituttet har 19 faste vitskapelege stillingar og 25 tekniske og administrative stillingar. I tillegg har instituttet i dag 19 tilsette i bistillingar, og om lag 70 doktorgrads-stipendiatar, postdoktorar og forskarar. Geofysisk institutt har eit nært samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking.

Bergen Offshore Wind Center (BOW) er etablert ved Universitetet i Bergen for å koordinere, utvikle og styrke forsking og utdanning innan offshore vindenergi, som ein del av universitetet sin strategi om "Klima og energiomstilling." Geofysisk institutt (GFI) er vertsinstitutt for BOW, som vart oppretta i 2018. BOW jobbar på tvers av institutt og fakultet med ei lang rekke spørsmål som er relevante for havvindenergi, som meteorologi, optimalisering, geologi, juridiske problemstillingar m.m.

Havvindenergi representerer store uutnytta energiressursar, og gjennom BOW bidreg universitetet til forsking og utdanning som legg grunnlaget for bærekraftig industri- og forretningsutvikling innafor eit område med stort framtidig potensiale. Som ein del av denne satsinga er det oppretta ei stilling som førsteamanuensis innan havvindenergi. Stillinga vil vere tilknytt BOW. Vi søkjer ein person som har erfaring, ambisjonar, forskings- og undervisingsplanar innan eit breitt spekter av energirelaterte tema med særleg fokus på fornybar energi og havvind.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Forsking på fornybar energi har blitt stadig viktigare og vil vere viktig i åra som kommer om ein skal lukkast globalt med å få ei påliteleg og bêrekraftig energiforsyning. Instituttet ønsker å styrke forsking og utdanning retta mot fornybar energi og energitransformasjon med fokus på havvind. Havvindenergi er venta å spele ei viktig rolle i den globale energiomstillinga. Kompetanse til å vurdere samspelet mellom havmiljøet og vindturbinar, bruk av eksperimentelle og numeriske metodar, variabilitet av vindenergiressursar og integrering av ulike fornybare energikjelder i energisystema er alle aktuelle tema som er relevante for stillinga.

Vi søkjar en kandidat som ønsker aktivt å gå inn i den vidare utviklinga av BOW og på sikt kan se for seg ein lederrolle der. Stillinga vil ha ei nøkkelrolle i masterprogramma i energi. Det er derfor viktig at kandidaten har ein tverrfagleg profil og kan bidra til samarbeid mellom Geofysisk institutt (GFI) og andre relevante fagmiljø ved Universitetet i Bergen. Den rette kandidaten bør ha ambisjonar innan forsking og utdanning som tar for seg eit breitt spekter av energirelaterte spørsmål.

Havvindenergi er ikkje berre sentralt i Universitetet i Bergens si satsing på fornybar energi og energiomstilling, men også for store nasjonale og europeiske organ. Havvindsatsinga ved UiB skal bidra med eit bedret kunnskapsgrunnlag for denne energiomstillingen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan meteorologi, oseanografi, marinteknikk eller tilsvarande relevant kompetanse.
  • Søkjarar må kunne dokumentere kompetanse innan nøkkelområder for havvindenergi
  • Den som vert tilsett bør kunne undervise og rettleie innan relevante tema innan fornybar energi på alle nivå
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og søkjarar bør dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 – 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

  • Eldevik, Geofysisk institutt, e-post Tor.Eldevik@uib.no, tlf 55 58 87 31 eller til
  • Direktør ved BOW, professor Finn Gunnar Nielsen, Finn.Nielsen@uib.no, tlf. 55 58 26 44

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS