Stilling:

Forskarutdanningskonsulent (seniorkonsulent) - vikariat

Søknadsfrist 15. august 2018

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig eit års vikariat i full stilling som seniorkonsulent knytt til instituttet si forskarutdanning. Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette, 50 ph.d.-kandidatar og 1700 studentar. I den administrative staben inngår 12 stillingar. Næraste overordna er administrasjonssjefen, og seniorkonsulenten rapporterer direkte til henne.

Arbeidsoppgåver

  • Ha hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til instituttet si forskarutdanning
  • Ha ein knutepunktfunksjon for alle dei ulike administrative arbeidsfelta med oppgåver knytt til forskarutdanninga
  • Ta hand om det administrative arbeidet og avtaleverk knytt til rekruttering, mottak og oppfølging av alle instituttet sine ph.d-kandidatar og postdoktorar
  • Drive informasjonsarbeid og rådgjeving
  • Halde god kontakt med fag og forskargrupper
  • Formidle aktiviteten på forskarutdanningsfeltet, mellom anna vedlikehald av nettsider
  • Implementere og fylgje opp administrative prosedyrar og rutinar, og evaluerings- og kvalitetssikringsarbeidet på feltet
  • Føre ph.d-register og halde ved like relevante administrative system
  • Drive sakshandsaming på feltet, mellom anna knytt til meldingar, rapporteringar og høyringssaker
  • Ha det administrative ansvaret for instituttet sine forskarutdanningsmidlar og reisemidlar for ph.d.-kandidatar, og ha kjennskap til og informere om andre finansieringskjelder
  • Fremje internasjonalt samarbeid
  • Delta i faglege nettverk

Det administrative arbeidet knytt til forskarutdanninga krev god dialog og godt samarbeid med vitskapleg personale på alle dei fire fagområda ved instituttet, og ved vårt Senter for framifrå forsking, Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE). Samstundes krev fleire av arbeidsoppgåvene tett samarbeid med administrativt tilsette på andre arbeidsfelt. Det er såleis særleg viktig å oppretthalde gode kommunikasjonsliner og samarbeidsrelasjonar på tvers av ansvarsområder.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei særskilte funksjonar lagt til stillinga si, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
  • Erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning er ein føresetnad
  • Relevant administrativ praksis
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og god økonomiforståing er ein føremon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer og gode engelskkunnskapar er naudsynt
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som Felles Studentsystem og ePhorte

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • God evne til koordinering av arbeidsoppgåver på tvers av administrative arbeidsfelt
  • Stor evne til og trivnad med sjølvstendig arbeid Evne til å arbeide strukturert og målretta og til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter kroner kr 464 400 – 496 600 (kode 1363) etter hovudtariffavtalene i staten. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315 / 909 33 175.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGA». Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 15.08.2018

Søknaden skal merkast: 2018/8120

Web: www.uib.no

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS