Stilling:

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i programvare

Søknadsfrist 25. november 2018

Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis innan forsking i programvare i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.

Stillinga er innan Programming Theory Research Group. Fokuset til gruppa er sjølve programvara som studieobjekt. Dei noverande interessene våre inkluderer formelle aspekt ved programvare, programmeringsspråk, formelle spesifikasjonar, struktureringsmekanismar og mønster for programvare, garantiar for korrekthet, pålitelighet og tryggleik, yting og i bruk av teoretiske resultat i praksis. Vi er interessert i søkarar viss kompetanse styrkjer gruppa på desse områda, og / eller bidreg til nye komplementære eller meir anvendte områdar

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgruppar som leverer forsking og utdanning av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, optimering, visualisering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og maskinlæring. Alle gruppene er medfinansiert med forskningsstipendier, blant anna av Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer en i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet av Noregs forskingsråd i alle eksterne evalueringar hittil. Alle vitskaplege tilsette vert forventa å bidra til framifrå undervisning, økt internasjonal merksemd og omdøme ved forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til professor i fast hovudstilling. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.
  • Ei sluttevaluering skal utførast i starten av det sjette året.
  • Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.
  • Kandidaten vil utføre dei same oppgåvene som andre faste vitskaplege tilsette
  • Ein stipendiat (ph.d.-stipendiat) vil verte tildelt stillinga i løpet av andre året.
  • Kandidaten skal ha faglege mentorar i store delar av perioden, spesielt i startfasen.

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden. Nærare bestemt forventast det at følgjande oppgåver skal utførast:

  • utmerka forsking på høgt internasjonalt nivå i feltet.
  • undervisning av instituttet sine bachelorstudentar og masterstudentar i sitt fagfelt og i informatikk generelt.
  • rettleiing av ph.d.-studentar innan feltet
  • bidra til å utvikle Programming Theory Group til å bli framifrå i forsking og undervisning
  • medverking og bidragsyting i søknadar om ekstern finansiering for forsking oppsøkjande verksemd
  • Formidling innan feltet programvare og informatikk generelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha doktorgrad innan informatikk eller matematikk, eller anna relevant fagfelt.
  • Du må anten ha dokumentert kompetanse innan programvare eller vise til framifrå forskingsbakgrunn i relevant fagfelt og ein detaljert plan om korleis du ser for deg å opparbeide slik kompetanse innan dei første åra av stillinga.
  • Kandidaten er forventa å ha ei aktiv rolle i tverrfagleg forskingssamarbeid, opplæring og utdanning og bidra til nye og breiare forskingsinitiativ. Vedkomande må kunne argumentere for sine styrkar innan dette.
  • Kandidaten er forventa å være entusiastisk og ha talent når det gjelder undervisning, formidling og rekruttering av studentar, spesielt undervisning med fokus på programmering og applikasjonar. Dokumentert undervisningserfaring er ei føremon.
  • Du må kunne dokumentere god evne til å kommunisere, og må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
  • Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eitt år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.
  • Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal telle med reelt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
  • Ved vurderinga av dei faglege resultata til søkaren, vil tida som gjekk sidan tildelingen av doktorgraden til søkaren takast i betraktning i den samla vurderinga.

Vi kan tilby

  • høve for fast tilsetjing som professor etter utløp av åremålsperioden om kandidaten er kvalifisert
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 64–72 (kode 1011/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 565 500 – 658 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei utgreiing om dine forskingsinteresser og visjon for framtidig forsking (ca. 3-4 sider)
  • ei utgreiing om din røynsle og visjon for undervising og utdanning (ca. 2 sider)
  • dersom dine tidlegare forskingsbidrag ikkje gjev nok dokumentasjon for dine kvalifikasjonar innan programvare: ei grundig utgreiing av dine planar om å tileigna deg slike kvalifikasjonar i løpet av dei første åra av stillinga
  • namn og kontakt opplysningar til to referansar. Ein av desse skal vanlegvis vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV (i tillegg til å fullføre CV i Jobbnorge)
  • karakterutskrifter og vitnemål til studiar som er fullførte innan søknadsfristen
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • kopiar av opptil ti sjølvvalde publikasjonar For kvar av desse publikasjonane som har fleire forfattarar, ei kort utgreiing om ditt bidrag.
  • eventuelle andre publikasjonar

Søkaren må dokumentera sine eigne undervisnings kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 25.november 2018

Utveljing og rangering av søkjarar skjer på grunnlag av rapport frå ein sakkyndigkomité og ein separat evaluering frå instituttet, inkludert intervju og referansesjekk.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Krav for å få fast tilsetjing som professor ved utløp av åremålsperioden

Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.

I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:

a. Forsking:

  • Kunne vise til god framdrift i utvikling av eiga forskarkarriere
  • Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing
  • Dokumentert sampublisering med andre forskarar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift
  • Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale og internasjonale forskingskonferansar
  • Ha rettleia minst ein ph.d.-kandidat fram til fullført doktorgrad
  • Ha godt omdøme som forskingsrettleiar

b. Undervisning:

  • Ha deltatt i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling
  • Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremålsperioden

c. Formidling:

  • Kunne vise til både profesjonsretta og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar og andre verkemiddel

d. Akademisk leiing:

  • Ha deltatt aktivt i det akademiske utviklingsarbeidet på institutt-, fakultets- og universitetsnivå.
  • Kunne vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og til deltaking i ulike forvaltingsorgan, sakkunnige nemnder, andre organ i sektoren og til samarbeid med andre relevante institusjonar
  • Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar.

e. Internasjonalt samarbeid:

  • Aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid, gjennomføring av samarbeidsprosjekt og publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap.

Krav til tilsette i innstegsstilling som førsteamanuensis

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.

For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for informatikk (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 2) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS