Stilling:

Førsteamanuensis i medisin (obstetrikk og gynekologi) ved Klinisk institutt 2, Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 23. september 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i obstetrikk og gynekologi. Arbeidsstad er Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus, Jonas Lies vei 72 i Bergen. Haukeland Campus er ein del av Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen.

Det kan vere aktuelt å dele opp stillinga i to 50 % stillingar. Søkjar må opplyse om ein ønskjer 100 % eller 50 % stilling.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Stillinga vil vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet med forskingsprofil innan fostermedisin/obstetrikk.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar, professor Pål Njølstad, tlf.: 55 97 32 25 eller e-post: Pal.Njolstad@uib.no

Kvalifikasjonar

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse, og vere spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • må kunne undervise i obstetrikk og gynekologi, og bidra med undervisning/rettleiing for studentar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå ved instituttet i medisin, ernæring og farmasi og delta i andre oppgåver ved instituttet
  • det vil verte lagt vekt på evne til å skape eit godt læringsmiljø og eit godt samarbeid med Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
  • det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • det vil verte lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det er ein føremon om søkjar har klinisk bistilling ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus

Den som vert tilsett skal arbeide i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på fostermedisin/obstetrikk.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i undervisning, forsking, koordinering og rettleiing og klinisk samarbeid med miljøet på Kvinneklinikken.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk og engelsk. Det vert kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode. I tillegg må søkjar kunne undervise på engelsk.

Løn

Førsteamanuensis med spesialistutdanning vert lønt etter lønssteg 68 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 607 700 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • godt samarbeid med vitskapleg miljø tilknytt Medisinsk Fødselsregister
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● CV

● vitnemål og attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 23.09.2018

Stillingsomtale

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i obstetrikk og gynekologi. Arbeidsstad er Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Haukeland Campus er ein del av Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen.

Klinisk institutt 2 er eitt av to medisinske kliniske institutt ved Det medisinske fakultet. Den faglege porteføljen er brei, og spenner over mange av dei medisinske spesialitetane. Instituttet har om lag 250 tilsette og held til på universitetscampus ved Haukeland universitetssjukehus. Dei tilsette er organisert i 22 forskingsgrupper, tre teknologiplattformar (Metabolomic, Genomikk og Flowcytometri), og administrasjon.

Instituttet driv medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanninga og doktorgradsutdanninga innan medisin og farmasi.

Den som vert tilsett skal inngå i ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet med forskingsprofil innan obstetrikk/fostermedisin.

Den som vert tilsett skal delta i undervisninga i obstetrikk og gynekologi, inkludert relevante kliniske ferdigheiter innan obstetrikk og gynekologi som beskrive i den noverande studieplanen for medisinstudentar. Studieplanen er under revisjon og den som vert tilsett vil ta del i undervisninga for medisinstudentar ut frå den nye studieplanen.

Den som vert tilsett vil òg kunne verte pålagt å rettleie masterstudentar og stipendiatar ved instituttet og delta i instituttet si generelle undervisning på lågare grad for medisin-, odontologi-, ernæring- og farmasistudentar og i arbeid på instituttet elles.

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisningsspråket er til vanleg engelsk og norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning • oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS