Stilling:

Førsteamanuensis i marin økologi

Søknadsfrist 11. november 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i fagfeltet marin økologi, tilknytt fagruppa Fiskeri- og marinbiologi (FMB).

Om instituttetInstitutt for biovitskap (BIO) har eit av dei sterkaste og breiaste fagmiljøa innan biovitskapleg forsking og utdanning i Norge, og er sterkt involvert i tema som livet sitt opphav, klima, effektar av globale endringar, fiskeri, havbruk, fiskehelse, ernæring, nordområda og utviklingsrelatert forsking. Om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med nokre av dei tematiske avdelingane i NORCE (Norwegian Research Centre AS). BIO held til i nye og moderne fasilitetar på Marineholmen.

Undervisninga ved instituttet dekker eit breitt spekter av biologiske disiplinar og blir tilbydd gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (fiskehelse, og sjømat og havbruk) og lærerutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

BIO har eit Senter for framifrå undervisning (SFU) og dermed eit særskilt fokus på utvikling av kvalitet i undervisning og formidling. Det vert lagt vekt på utvikling av innovative undervisnings- og formidlingsaktivitetar i stillinga.

Bergen representerer ei av dei største forskingsklyngene i verda for marin forsking og dette vert spegla av i visjonen for UiB som er «Hav, liv og samfunn». BIO har som mål å vere ein leiande forskingsaktør innan marin ressursforsking nasjonalt og internasjonalt.

Institutt for biovitskap ble oppretta 1. januar 2018, som ei samanslåing av tidlegare Institutt for biologi og Molekylærbiologisk institutt. Instituttet er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har om lag 260 tilsette, inkludert 56 professorar og førsteamanuensar, om lag 130 ph.d.-kandidatar og om lag 70 teknisk/administrative tilsette.

Arbeidsområde / forskingsfelt

Kystnære marine organismar, populasjonar og økosystem er i aukande grad påverka av menneskeleg aktivitet og utvikling gjennom endra biologiske interaksjonar på mange nivå mellom organismar i kultur (til dømes lakseoppdrett) og naturleg førekommande organismar og populasjonar. Vidare er mange lokale organismar i aukande grad påverka av menneskeskapt klimaendring og forureining (til dømes plastikk og eutrofiering). Vi søkjer å auke forståinga av interaksjonane mellom odla og naturleg førekomande og hausta organismar og populasjonar og korleis desse vert påverka av endra miljøforhold, med det mål to bidra til ein betra kunnskapsbasert berekraftig forvaltning av kystnære økosystem.

BIO samarbeider tett med Havforskingsinstituttet (HI), NORCE og andre forskings-institusjonar, både innan forsking og utdanning (frå bachelor til PhD). Vi har og tett samarbeid med HI om bruken av moderne forskingsfartøy til bruk i feltstudiar og forsking. BIO driv forsking og utdanning frå organismenivå til populasjon og økosystemnivå innan teoretisk, eksperimentell, og feltrelaterte tema. Vi tilbyr spennande og utoverretta utdanning og forskingsmiljø innan eit bredt felt, med mange moglegheiter for nasjonal og internasjonal interaksjon og samarbeid.

Stillinga vil vera innan fagfeltet marin økologi, og spesielt innretta mot direkte og indirekte effektar og påverknad av menneskeleg aktivitet på marine organismar, enten grunna oppdrett og/eller hausting, klimaendringar, eller habitatforstyrringar eller – forringingar. Vi er spesielt opptekne av å tilsetje ein person med erfaring frå forsking på interaksjonar mellom arter, inklusive fisk, dyreplankton og andre organismar i lågare trofiske nivå i næringskjeda.

Arbeidet vil innebera forsking og undervisning innan marin økologi samt planlegging av masteroppgåver og rettleiing av studentar bade på master og PhD nivå. Pedagogiske kvalifikasjonar samt tidlegare erfaring vil bli vektlagd, og søkjarar bør kort gjere greie for deira planar for forsking og undervisning innan feltet. Søkjarar bør vere interesserte i å undervisa på alle nivå ved universitetet, frå bachelor til PhD nivå.

UiB tilbyr tilgang til omfattande eksperimentelle fasilitetar, ein marinbiologisk stasjon og tilgang til unike habitat ved bruk av forskingsfartøy og tilhøyrande utstyr og instrumentering. Vi oppmodar sterk søkjarane om å gjere greie for korleis dei vil nytta desse infrastrukturane I deira forsking og undervisning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjar etter ein person med gode evner til samarbeid og som er ein lagspelar med ambisjonar om å ta ei leiande rolle ved instituttet.

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan biologi eller tilsvarande
  • Søkjarar må ha inngåande kjennskap til marin økologi
  • Søkjarar må kunne dokumentera kunnskap og erfaring med praktisk, eksperimentell og analytisk kystnær marin økologi
  • Søkjarar må ha relevante publikasjonar i internasjonale peer reviewed vitskaplege journalar.
  • Søkjarar må ha interesse for og kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning – kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr 565 500 – 658 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen