Stilling:

Forskar ved Klinisk institutt 2, Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 30. september 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt ”Individualized treatment of endometrial cancer”. Prosjektet har ei førebels finansiering på 3,5 år.

Forskaren skal arbeide ved forskingsgruppe for gynekologisk kreft, med arbeidsstad på Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Forskingsgruppa er under leiing av professor Camilla Krakstad.

Om instituttet/prosjekt

Prosjektet fokuserer på molekylære og genetiske endringar knytt til utvikling og spreiing av livmorkreft. Førekomsten av livmorkreft er aukande, både på grunn av auke av levelader og førekomst av overvekt. Likevel er det få tilgjengeleg behandlingsalternativ. Ei omfattande kartlegging av endringar både i mor- og spreiings-svulstar skal gjennomførast. Nye identifiserte mål for behandling i spreiingssvulstane skal undersøkast vidare i avanserte sjukdomsmodellar der effekten av nye medikament kan testast ut.

Hovudoppgåver

Den som vert tilsett må ha erfaring frå translasjonell forsking, gjerne innan kreftforsking. Dokumentert erfaring frå internasjonale samarbeid der ”high throughput” metodar er nytta er et krav. Kandidaten vil få ansvar for å generere og analysere genetiske data med hovudvekt på sekvenseringsdata, både frå RNA og DNA. Ein integrert arbeidsflyt vil verte etablert og vil inkludere både kjente dataverktøy og verktøy som vert utvikla ved behov. Forskaren vil vere inkludert i prøvepreparering, tilverking og endeleg analyse av data. Forskaren kan også vere involvert i å validere genetiske funn og i vidare funksjonelle studiar og behandlingsforsøk i sjukdomsmodellar. Det kan verte aktuelt med eit opphald i utlandet i delar av perioden.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Camilla Krakstad, tlf.: 55 97 67 97 eller e-post: [email protected]

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan molekylærbiologi eller genetikk
  • søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan analyse av «high-throughput» sekvenseringsdata
  • forskarar med erfaring frå translasjonell kreftforsking og med spesifikk erfaring frå funksjonelle studiar for å validere genetiske funn er svært velkomne til å søke stillinga
  • søkjar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan gynekologisk kreftforsking
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 – 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Løn er under justering
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «Søk på jobben».

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 30.09.2018

Søk på jobben