Stilling:

Forskar i teoretisk tung-ionefysikk (mellombels)

Søknadsfrist 1. desember 2018

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar i teoretisk kjernefysikk (tung-ionefysikk). Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet "Thermalizing Jets: New Aspects of Non-Equilibrium Processes at Colliders", finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BFS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil hovudsakleg utforske aspektar av dynamiske fenomen i kollisjonar av protonar og atomkjernar, for eksempel ved LHC akseleratoren på CERN. Spesielt tar prosjektet sikte på å utvikle detaljerte simuleringar av korleis energetiske sondar (innanfor sterk og svak kjernekraft) modifiseras gjennom vekselverknad med kjernematerie ved ekstreme forhold (høg temperatur eller høg tetthet). Eit av hovudfelta gjeld skildringa av korleis energetiske strålar av partiklar og energi, ein såkalla «jet», modifiserast i tung-ione kollisjonar. Forskaren vil ha moglegheit til kortare opphald ved utanlandske institusjonar, spesielt på CERN.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor teoretisk kjerne- eller partikkelfysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med perturbative teknikkar i QCD i vakuum og/eller ved endeleg temperatur og/eller Monte-Carlo simuleringar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Konrad Tywoniuk, Institutt for fysikk og teknologi (konrad.tywoniuk@uib.no, +4755583537)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS