Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Spesialsjukepleiar / sjukepleiar (20 % fast)

Søknadsfrist: 22.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar (20 % fast)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 20 % fast stilling som spesialsjukepleier/sjukepleiar med tilsetjing så snart som mogleg ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin. Arbeidsdagar vil inntil vidare vere onsdagar

Arbeidsoppgåver:

  • ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
  • omsorg for pasientar, rettleiing og undervisning
  • ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • spesialutdanning som operasjonssjukepleiar er ønskjeleg
  • for søkjarar utan spesialutdanning som operasjonssjukepleiar vert det kravd relevant erfaring
  • erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
  • gode norsk kunnskapar, vere fleksibel og serviceinnstilt, ansvarsmedviten og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som spesialsjukepleier (kode 810) i lønssteg 59 (for tida kr 523 200 for ei fulltidsstilling) eller sjukepleiar (kode 807) i lønssteg 54 (for tida 479 600 for ei fulltidsstilling). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjukepleiar Linda Ljones, tlf.: 55 58 66 11 eller
  • Professor Trond Inge Berge, tlf.: 55 58 65 92

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen