Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Sjukepleiar (Forskingssjukepleiar)

Søknadsfrist: 22.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Sjukepleiar (Forskingssjukepleiar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, er det ledig ei 100% mellombels stilling som sjukepleiar (forskingssjukepleiar) i 12 månader.

LIVE@Home.Path er en innovativ og tverrfaglig studie med fokus på å betre omsorga for heimebuande med demens. Det er behov for å utvikle betre og målrettede tilbud for denne gruppa, både for å auke kvaliteten på tenestene, ta vare på pasientanes verdighet og sikkerhet, men også for å redusere byrden for pårørande og behovet for sjukeheimsplass.

Arbeidsoppgåver:

Sjukepleiaren vil delta i alle oppgåvene i forskingsprosektet LIVE@Home.Path og inngå i eit forskingsteam saman med stipendiatar, forskarar og pårørande. Meir informasjon om prosjektet finner du her.

Hovudoppgåva vil vere å planlegge deltakarflyt og logistikk, utføre intervju/undersøkingar av studiedeltakerar, registrering av studiedata/-dokumentasjon og andre oppgaver knytta til datainnsamling. Det er naudsynt med reising til kommunane Bærum, Kristiansand og Bergen. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller ergoterapeut, evt annan helseutdanning
  • erfaring frå prosjektarbeid/forsking med kvantitativ metode er ønskjeleg
  • søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg svært godt
  • må ha førerkort for bil klasse B

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har kunnskap og erfaring med eldre personer med kognitiv svikt/demens
  • er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
  • kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har kunnskap om primær helsetenesta
  • Kapasitet til stor reiseverksemd i perioden.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som sjukepleiar (kode 807) i lønssteg 47-53 (for tida kr 428 200 - 472 000 for ei fulltidsstilling). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: leiar ved SEFAS, Bettina Husebø: Bettina.Husebo@uib.no, 55586735/48094660. Arbeidsstad blir ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin i Bergen, og rapporterer til prosjektleder.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS