Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

To stipendiatstillingar i Medieteknologi og innovasjon

Søknadsfrist: 27.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, avdeling Media City Bergen, Universitetet i Bergen, er det ledig to ph.d.-stillingar innan medieteknologi og innovasjon. Tilsetting er for 4 år og 25% av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Stillingane er lagt til instituttet si satsing i Media City Bergen (MCB). MCB er ei internasjonalt leiande, innovativ kunnskapsklynge på felta medieteknologi og medieproduksjon. Her er instituttet samlokalisert med selskap som TV2, NRK, BT, Vizrt, Vimond, IBM, og ITV Studios. Dei som blir tilsett vil utvikle sine eigne forskingsprosjekt som fører fram til doktorgrad. Som eit ledd i arbeidet blir det venta at kandidatane bidreg med undervisning på feltet medieteknologi og innovasjon, og til fagleg dialog mellom forskingsmiljø og bransjen i Media City Bergen.

Felta medieteknologi og innovasjon er viktige i forskings- og samfunnsmessig samanheng. I medieklynga Media City Bergen legg ein vekt på å fremme innovasjon innan både utdanning, forsking og næring. Alle organisasjonar og selskap opplever press om å være nytenkande og oppfinnsam, og samtidig være i stand til å forstå og mestre både flyktig og permanent teknologisk endring. Dette opplever ein på tvers av fag, yrker og sektorar i samfunnet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Universitetet i Bergen bidreg til innovasjon i Media City Bergen gjennom forskings-basert kunnskap og undervisning, ofte i samarbeid med selskap i medieklynga.

Dei to ph.d.-stipendiatane skal styrke forskinga og bidra til auka akademisk aktivitet i tilknyting til medieteknologi og innovasjon innan journalistikk og relatert medieinnhald, og innan forståing av mediebrukarar og mediedesign. Kandidatane vil være særlig knytt til fagmiljøet i Media City Bergen innan medieinnovasjon, -teknologi, og produksjon, men óg til disiplinane informasjonsvitskap og medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Dei to PhD-stipenda innan medieteknologi og innovasjon har følgande faglege tematiske innretning:

Tema 1: Teknologi og journalistikk

Som stipendiat skal du styrke forskinga på området teknologi i forhold til journalistikk. Dette kan til dømes innebere utvikling av nye informasjonsteknologiske verktøy for undersøkjande journalistikk og historieforteljing, eller utforsking av korleis informasjonsteknologi påverkar journalistisk praksis og innhald. Det kan vere teknologiske løysingar for presentasjon av journalistisk innhald på nye måtar, til dømes immersiv journalistikk for virtuell røynd (VR), auka røynd (AR), miksa røynd (MR), eller intelligente brukargrensesnitt for media med bruk av kunstig intelligens eller liknande. Kandidaten vil være knytt til instituttets fagmiljø for journalistikk, medieproduksjon og medieteknologi i MCB, inkludert Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO) i Media City Bergen, og det er ynskjeleg samarbeid med bransjepartnarar i medieklynga.

Tema 2: Mediebruk, design og teknologi

Som stipendiat skal du styrke forskinga på området mediebruk, design og teknologi. Dette kan innebere metodisk tilfredsstillande evalueringar ved bruk av avansert biometrisk teknologi som eye tracking, fysiologisk respons-målingar, så vel som video, feltnotat og intervju, samt statistikk, surveys, og A-B-testing. Aktuelle demografiske målgrupper er barn og foreldre, skulebarn, unge vaksne, pensjonistar, eldre. Kandidaten vil være knytt til instituttets fagmiljø innan interaksjonsforsking og menneske-maskin interaksjon (HCI), og det er ynskjeleg med samarbeid med bransjepartnerar frå Media City Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medie- og interaksjonsdesign, informasjonsvitskap, informatikk, kognitiv vitskap eller liknande kompetanse. Søkjarar som har levert masteroppgåva ved søknadstidspunkt kan søkje. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med relevant teknologi frå utdanning, undervisning og/eller forsking er ein fordel.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Jobb i ei pulserande medieklynge med innovativt miljø og svært gode fasilitetar
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei 2000-3000 ord lang utgreiing om søkjarens motivasjon for å søke PhD-stillinga og korleis du vil passe stillinga. Teksten må tydeliggjera om du søkjer på stillinga som har fokus på "Journalistikk og teknologi" eller stillinga med fokus på "Mediebruk, design og teknologi". Utgreiinga må og innehalde ein diskusjon om korleis eins faglege bakgrunn og forskingsinteresser er relevante for stillinga, og dei teoretiske og metodiske perspektiv som er særlig relevant for forskinga di som ph.d.-kandidat.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida HYPERLINK "http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib" eller ved å vende seg til post@svfa.uib.no.

Søknaden må merkast: 19/7019

Søknadsfrist: 27.08.2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, tlf.: 55 58 90 53, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, phone: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS