Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Søknadsfrist: 11.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Griegakademiet - institutt for musikk er det ledig stilling som stipendiat (100 %) i kunstnarleg utviklingsarbeid innan fagområdet komposisjon.

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. Pliktarbeidet kan vere i form av undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som får stillinga vil ta del i eit t tverrfaglege forskingsprosjekt, innan komposisjon ved Universitetet i Bergen. Prosjektet, "Sounding Philosophy," har eit tverrfagleg fokus, som utvidar forskingsfeltet innan komposisjon som ein sosial og tverrfagleg disiplin. For meir informasjon om prosjektet sjå

https://www.researchcatalogue.net/editor/?research=634973&weave=634974

Søknaden vil verte vurdert i lys av kunstnarleg verksemd og forskingskompetansen ved instituttet, og relevansen for forskingsprosjektet utlysninga er ein del av. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarleg utviklingsarbeid ved institutt og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå:

https://kmd.uib.no/no/forskning.

Prosjektskildringa:

Den utlyste stillinga som stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid er tiltenkt ein kunstnar og forskar som integrerer musikalsk komposisjon, musikkteknologi med eit sekundært forskingsfelt eksempelvis frå naturvitskap eller humaniora. Søkjaren si prosjektskildring skal presentere eit kunstnarleg utviklingsarbeid i komposisjon og musikkteknologi som utforskar relasjonar mellom kunstnarleg uttrykk, vitskapleg oppdaging og filosofisk utforsking.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i komposisjon eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Søkjarar må demonstrere kompetanse innan musikkteknologi, og synliggjere innsikt i eit sekundært fagområde, for eksempel frå naturvitskap eller humaniora.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 472.300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd i form av lyd- og/eller vidoeopptak.
  • Dokumentasjon av formell faglig kompetanse.
  • Tidsplan
  • Budsjett (sjå vår nettside)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 73 00 / + 47 975 14 878, eller til
  • Prosjektleiar Dániél Peter Biró tlf. +47 905 68 135

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS