Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist: 15.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi er det ledig ei stilling som stipendiat innan eit prosjekt om pålitelegheita av nettverksdynamikken i funksjonell magnetisk resonansbildedata. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til FRIMEDBIO-midlar frå Noregs forskingsråd til prosjektet «When default is not default: Solutions to the replication crisis and beyond» med professor Karsten Specht som prosjektleiar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Ph.d.-prosjektet vil vere ein del av eit omfattande prosjekt som skal undersøke og forbetre pålitelegheita av fMRI-undersøkingar.
  • Prosjektet, finansiert av forskingsrådet, inneheld fleire delprosjekt, der data frå store databasar (f.eks. Human Connectom Project) vil bli analysert, longitudinale og tverrsnittsmessige fMRI-studier vil bli gjennomført, eller simuleringar av hjernenettverk vil bli utført og analysert (f.eks. den virtuelle hjernen).
  • Prosjektbeskriving kan fås ved å kontakte prosjektleiar
  • Stipendiaten vil vere involvert i innsamling av fMRI-data med hovudfokus på nevronale nettverksdynamikk og metabolske korrelater, og deira variasjonar i dag og år. Dette inkluderer evaluering av nye metodar for analyse av dynamikken i hjernenettverk av korte (sekunder) og lange (dagar / veker) tidsrammer med metodar som dynamisk årsaksmodellering, uavhengig komponentanalyse, Bayesian statistikk og maskinlæringstilnærmingar.
  • Å ha tidlegare erfaringar innan neuroimaging, biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap er nødvendig.
  • Prosjektet skal gjennomføras i samarbeid med Mohn Medical Imaging and Visualization Center (mmiv.no).
  • Stipendiaten vil vere ein del av ei forskingsgruppe, Bergen fMRI-gruppa, og ha professor Specht som hovudrettleiar, arbeidsplassen vil vere ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP), Jonas Lies Vei 91

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkaren må ved søknadstidspunktet ha ei mastergrad eller tilsvarande i (biologisk) psykologi, (kognitiv) nevrovitskap, (nevro-) informatikk eller eit relevant felt (norsk eller utanlandsk).
  • For opptak til doktorgradsstudiet er karakter B eller høgare normalt nødvendig for masteroppgåva.
  • Søkaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Søkaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg. Norsk og engelsk er dei vanlege språka i undervising. Internasjonale søkarar vil bli tilbudd norsk språkopplæring.
  • Søkaren må ha dokumentert forkunnskap i minst ein av følgjande metodar: Analyse av fMRI-data, nettverksmodellering (grafteori, tilkoplingsanalysar, etc.), dynamisk årsaksmodellering (DCM) eller uavhengig komponentanalyse (ICA).
  • Ein solid bakgrunn i programmering i MATLAB eller Python vil vere fordelaktig.
  • Søkaren må raskt kunne lære nye programvarepakker for (f) MRI-dataanalyse.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort prosjektbeskriving (maks 3 sider inkludert referansar)
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Du søker elektronisk i JobbNorge til Universitetet i Bergen via knappen på denne sida: «Søk stillinga». Søknad, CV og vedlegg skal kun sendast elektronisk i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Karsten Specht, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: Karsten.specht@uib.no, telefon +47 55 58 62 79
  • Instituttleiar / professor Robert Murison, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: Murison@uib.no, telefon +47 55 58 62 25

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS