Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 17.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland,

Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat i miljørett og knytt til Forskergruppe for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett. Tiltreding er 1. mars 2020, eller etter nærare avtale.

Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine kvalifikasjonar.

Om avhandlingsprosjektet:

Prosjektet skal bidra til å klargjere dei rettslege rammene for rettar og ansvar i samband med tilførsel av, og eksistensen av, plast i miljøet, og då særleg det marine miljøet. Langs den norske kysten, i fjordøkosystem, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet finn ein plast. Marin plast blir i dag studert frå ei rekke vitskaplege perspektiv, også ved UiB. Det er eit siktemål at prosjektet skal kunne klargjere dei rettslege sidene ved marin plast i kyst- og havområda våre, og utgjere ein del av forskingsfronten innan marin plast.

Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at prosjektet analyserer kva for reglar som gjeld for tilførsel av plast til naturmiljøet etter forureiningslova og andre sektorlover, samt tek opp sektorovergripande utfordringar. Eit mål med prosjektet blir å identifisere rettslege skrankar for utslepp, men òg om det kan vere mangel på reglar og behov for sterkare rettsleg styring. Kva for handlerom nasjonalstaten har innanfor internasjonal rett, vil vere sentralt. Det er mogleg å spisse temaet til privat- eller offentleg rett, eller til særlege problem, som mat- og helse.

For meir informasjon om interessefeltet for forskargruppa, sjå heimesida.

Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
  • Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:

Om stipendiatstillinga: Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

Om forskarutdanninga: I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkjarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54-59 (kode 1017/LR 20). Dette ligg for tida i spennet mellom kroner 479 600,- og 523 200,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring og gjennomføringsplan
  • CV
  • Kopiar av vitnemål og attestar
  • Vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillinga».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til:

  • HR-rådgivar Anita H. Garden, tlf. 55 58 96 76, e-post: Anita.Garden@uib.no eller til
  • Prodekan for forsking Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post: Anne.Froseth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen kan du finne her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS