Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (Institutt for sosialantropologi)

Søknadsfrist: 23.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med for tida 17 fast vitskapeleg tilsette, 2 postdoktorstipendiatar og 22 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv forsking og feltarbeid i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. For vidare detaljar visar vi til instituttet sine nettsider, http://www.uib.no/antro. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatstillinga vert utlyst på eit fritt vitskapeleg grunnlag utan geografiske eller tematiske føringar, og søkarar vert oppmoda til å utforme eit originalt prosjektforslag som vender seg til aktuelle teoretiske agendaer i faget. Prosjektforslaget bør springe ut av eigne forskingsinteresser, og kan gjerne være ei vidareføring av eigne tidlegare studiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Du må vere sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve på minst 30 ECTS. Mastergraden skal være innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 51 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 449.400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil to publikasjonar, ei av dei skal vere masteroppgåva
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk stillinga».

Søknaden må merkast: 19/5070

Søknadsfrist: søndag 23. juni 2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Anita Helen Spurkeland, e-post Anita.Spurkeland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 58.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på https://www.uib.no/svf/38045/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne Gravermoen, e-post: Hanne.Gravermoen@uib.no, eller tlf. 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS