Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i vindenergi

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i vindenergi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til Akademiaavtalen mellom UiB og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Doktorgradsprosjektet vil fokusere på grunnleggande forståing av luft- og havstraumar i og rundt havvindparkar i forskjellige oppsett under direkte og indirekte påverknad av vind-bølge-hav-interaksjonsprosessar og ulike atmosfæriske stabilitetstilhøve. Det er framleis manglar i forståinga av effekter av gravitasjonsbølger på strømning og strukturar i området rundt havvindparkar på grunn av mangelen på lange tidsseriar av atmosfæriske og oseanografiske målingar. Gjennom numeriske modellar prøver ein å bygge bro over desse gapa gjennom å validere modellane mot tilgjengelege målingar. I dette prosjektet vil kandidaten modifisere den kobla hav-atmosfære-modellen for storskala kvervlar, PALM, for å innlemme dei direkte og indirekte effektene av havoverflata sine gravitasjonsbølger og interaksjoner mellom vind og bølger (dvs. gjennom modellering og kopling av bølgemodul i PALM) på vertikal og lateral blanding i atmosfære-hav), romleg fordeling av turbininduserte vaker og vake-svingningar under ulike turbulensnivå og atmosfæriske-hav stabilitetstilhøve, strukturelle belastningar og bølgeinduserte strukturelle svingingar og forskyvingar (for flytande turbiner), så vel som vindkraftuttak på eit offshore fast og flytande vindmøllparkar. Dei etablerte verktøya og diagnostikken er nøyaktig validert ved å bruke: (i) teoriar og tilgjengelege idealiserte simuleringar sammenlikna med andre publiserte analysar som er tilgjengelege i offshore vindkraft-litteratur; og (ii) tilgjengelege målingar (f.eks. fremtidsretta LIDAR i Alpha Ventus fra OBLEX-F1-prosjektet).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i meteorologi, oseanografi, matematikk eller relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må ha god kjennskap til atmosfære-hav grenselagsdynamikk
  • Kandidaten må ha gode kunnskaper i programmering (FORTAN, Python, MATLAB) og simulering av modellar.
  • Kandidaten må ha ferdigheiter i signalbehandling og statistikk til analyse av modelldata og til å utføre modell-observasjonseksperiment.
  • Erfaring frå arbeid med overflate gravitasjonsbølgjer og modellering av dei er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, samt vere nyfiken på å utforske og implementere nye idear.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Kandidaten skal kunne demonstrere ein sterk nysgjerrighet og selvdreven holdning til å utforske og implementere nye metodar og ideer.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS