Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i teoretisk kjemi

Søknadsfrist: 19.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk Institutt og Computational Biology Unit er det ledig ei stilling som stipendiat i teoretisk kjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er knytt til RESPOND3 prosjektet «Towards better computational approaches and responsible innovation strategies in early drug discovery: application to antibiotics and COPD» (RESPONsible early Digital Drug Discovery). Prosjektet er finansiert av forskingsrådet og leiast av professor Nathalie Reuter.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er del av eit tverrfagleg samarbeid mellom forskargrupper ved Centre for Advanced studies in Biomedical Innovation Law ved Universitetet i København, Institutt for data- og realfag ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for Biomedisin og Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen. Prosjektet rekrutterer 4 postdoktorar og 2 stipendiatar (inkludert denne stillinga):

  • Modellering av target-compound interaksjonar for forbindelsar retta mot serinproteaser, og for forbindelsar retta mot riboswitches;
  • Kvantifisering av relativ affinitet av organiske forbindelsar for enzyma (og riboswitch) ved bruk av molekyldynamikk-simuleringar og fri energi berekningar;
  • Bidrag til utvikling og validering av multi-site lambda dynamikk, ved hjelp av eksperimentelle affinitets målingar generert av våre samarbeidspartnarar;
  • Bruk av multi-site lambda dynamikk til ligand discovery og design for dei enzyma nemna ovanfor samt riboswitch.

PhD prosjektet vil bli gjennomført i Reuter-gruppa (UiB) i samarbeid med gruppa til Charles L. Brooks III ved University of Michigan. Det inneber korte opphald i Brooks-gruppa i Ann Arbor, MI, USA, for den som blir tilsett.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i teoretisk kjemi, teoretisk biofysikk eller teoretisk fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå molekyldynamikk-simuleringar er eit krav
  • Kunnskap om statistisk mekanikk er eit krav (til dømes dokumentert kursverksemd)
  • Erfaring med biomolekylære system er ein føremon
  • Inngåande kjennskap til UNIX /Linux operativmiljøa og grunnleggjande programmering på et passande språk (C / C + +, Python, FORTRAN) er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein føremon

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600,- brutto Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Nathalie Reuter, Kjemisk institutt, tlf. 55 58 40 40

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS