Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i strukturgeologi

Søknadsfrist: 12.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap (i gruppa for basseng og reservoarstudiar) er det ledig ei stilling som stipendiat i strukturgeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Aker BP.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet skal undersøkje strukturelle og stratigrafiske kontrollar på væskestraum i forskjellige fluviale, grunnmarine og eoliske sandsteinar. Prosjektet fokuserer spesielt på forkastingar og deformasjonsband, og vi undersøkjer forholdet mellom deira struktur og væskestrømseigenskapar på den eine sida, og vertsbergarten sine facies/eigenskaper på den andre sida. Prosjektet vil ta prøvar av og analysere kjerneprøvar frå borkjernar (frå Ivar Aasen-feltet på norsk kontinentalsokkel) med analysar av relevante blotningsanaloger (potensielle feltområder er Utah, UK og Portugal). Analysane vil fokusere på distribusjon, (mikro)struktur, og poroperm-eigenskapar til forkastingar og deformasjonsband som ein funksjon av vertsbergartslitologi i dei studerte bergartane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk dokumentert bakgrunn frå, og interesse for, strukturgeologi er eit krav.
  • Kandidatar som også har ei god forståing av sedimentologi/stratigrafi, eller erfaring med integrert strukturelt/stratigrafisk arbeid, vil føretrekkjast.
  • Erfaring frå uavhengig arbeid i felt er ein føremon.
  • Erfaring frå analysar av borekjerner er ein føremon.
  • I tillegg vil det vere av interesse med erfaring frå nokre eller fleire av følgjande: mikrostrukturell analyse, mikroanalytiske teknikkar, porøsitets-/permeabilitetsanalyse, strukturelt kontrollert væskestraum og diagenese, eksperimentell bergartsdeformasjon, reservoargeologi, og fluvial, eolisk og/eller grunnmarin sedimentologi/stratigrafi.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må kunne delta i interaksjon med industrisponsorar, sjølv om ingen erfaring med slik interaksjon er naudsynt.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Din personlige motivasjon for prosjektet er viktig for oss, og vil bli tatt med i vurderinga.

Særeigne krav for stillinga: førarkort som er gyldig for bilkjøring i Europa og USA er eit krav.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser, bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (til dømes eventuelle publikasjonar)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Atle Rotevatn ved Institutt for geovitenskap (telefon: +47 55583390, e-post: atle.rotevatn@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS