Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i reservoarfysikk

Søknadsfrist: 31.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Forskningsrådets Petromaks2- program.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet «Foam Dynamics in the Presence of Oil During Multiphase Flow in Porous Rock». Forskingsprosjektet har som mål å utvikle ein betre forståing av skumflyt i porøse medium ved hjelp av modellering og eksperimentering på poreskala. Prosjektet er eit felles forskingsinitiativ mellom NORCE (Norwegian Research Centre), Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen. Arbeidsstaden for stipendiaten er UiB, men korte opphald hos ein relevant forskingsinstitusjon i utlandet er mogleg.

Skuminjeksjon er ein lovande metode for å auke produksjon frå modne oljefelt fordi det kan gje vesentleg reduksjon av mobilitet og betre fortrengingseffektivitet i reservoaret samanlikna med konvensjonell gassinjeksjon. I samarbeid med prosjektgruppa skal stipendiaten bidra med eksperimentelle pore-skala skumforsøk for å utvikla ein modell for skumstrømming på poreskala som kan undersøke skumtekstur og stabilitet, samt skumgenererings- og kollapsmekanismar. Resultatet vil vere ei betre forståing av skumdynamikk i porøse bergarter som gjer det mogleg å beskrive skumoppførsel meir nøyaktig i reservoarsimulering. Prosjektresultata og simuleringsverktøyet vil ha bruksområde innan fleire ingeniørfag og fagområde der komplekse vekselverknadar mellom væsker over grenseflater er viktige.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i reservoarfysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 20.01.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eksperimentelle studiar av skum på høge trykk i mikromodellar er eit krav
  • Erfaring frå kvantitativ analyse på pore-skala bilete er eit krav
  • Erfaring frå pore-skala CO2 injeksjon på høge trykk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar bør ha gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Godkjent eller levert master oppgåve
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 20.01.2020.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Martin Fernø, Institutt for fysikk og teknologi (Martin.Ferno@uib.no ; +47 555 8 2792)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS