Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i prosesstryggingsteknologi (hydrogen)

Søknadsfrist: 15.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i prosesstryggingsteknologi (tryggingsteknologi for energisystem) ved Institutt for Fysikk og Teknologi (IFT). Stillinga gjeld for ein åremålsperiode på fire (4) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PhD-prosjektet omfattar ei eksperimentell undersøking av bruken av faste sløkkjemiddel i pulverform på forblanda flammar. Målet er å bidra til utviklinga av automatiske system for å redusera omfanget av gasseksplosjonar i industrien. Ein del av prosjektet inneber bygging og bruk av ein fleirbrenselbrennar der fast sløkkjemiddel kan tilførast blandinga av brensel og luft som strøymer inn i flammesona. Det er også relevant å undersøkje flammeforplantning i lukka kammer, anten i eksisterande utstyr ved IFT eller som del av eit forskingsopphald i utlandet. Det eksperimentelle arbeidet vil fokusere på blandingar av hydrogen og luft, samt konvensjonelle hydrokarbon som metan og propan.

Føresetnadar: Eksperiment utført i liten og stor skala det siste tiåret har vist at sløkkjemiddel i pulverform som vert injisert inn i ei brennbar gassky kan redusera skadeverknadane av gasseksplosjonar. Automatiske system med sensorar som målar utslepp av brennbar gass og utløyser innsprøyting av sløkkjemiddel vert for tida installert i prosessindustrien. Modellering av kjemiske reaksjonar tydar på at bruk av faste sløkkjemiddel også kan fungera for hydrogeneksplosjonar, og såleis leggja til rette for trygg bruk av hydrogen som ein berekraftig energiberar i samfunnet. Innleiande eksperiment har likevel vist at fine partiklar av eit fast sløkkjemiddel (kaliumkarbonat) har svært liten verknad på forblanda hydrogenflammar. Ei mulig forklaring kan vere den høge forbrenningsrata til hydrogen, og dermed for lita tid for dei faste partiklane til å smelta/fordampa/dekomponera før dei kan reagera med radikalar i flammefronten. Fleirbrenselbrennaren og andre eksperimentelle oppsett kan gjera det mogeleg for forskarar å utforska desse fenomena nærare.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, kjemiteknikk, kjemisk fysikk, fysikalsk kjemi, prosesstryggingsteknologi eller tilsvarande emne.
  • Søkjarar som har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute vil også bli vurdert. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Praktisk erfaring frå eksperimentelle undersøkingar av flammar og forbrenningsfenomen er eit krav.
  • Erfaring frå konstruksjon og bygging av eksperimentelt apparatur og tilhøyrande infrastruktur er ein føremon men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå bruk av programvare for simulering av kjemisk kinetikk, som til dømes CHEMKIN, CANTERA eller COSILAB, er ein føremon men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå bruk av programvare for bildebehandling, som til dømes MATLAB, er ein føremon men ikkje eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon men ikkje eit krav.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om kandidaten tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV, inkludert arbeidserfaring
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Kopiar av eventuelle publikasjonar der kandidaten er førsteforfatter eller ein av forfattarane

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS