Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i paleoøkologi / økosystem endring

Søknadsfrist: 18.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i paleoøkologi/økosystem endring

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som stipendiat i paleoøkologi/økosystem endring/karbonmodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og er knytt til tema omkring forståinga av påverknaden av klimaendringar, jordbruk og naturleg suksesjon på økosystems samansetning, artsmangfald og lagring av karbon i jord.

Hovudfokuset i prosjektet ligg i å utnytte organiske avsetningar frå myr og innsjø som arkiv for å avdekke lange tidsperiodar for å gi informasjon om korleis naturleg suksesjon og avskoging har påverka både biologisk mangfald og karbonlagring i jorda. Paleoøkologiske arkiv vil gjera det mogleg å forstå korleis artar og økosystem responderer på endringar i jordbruket og identifisere/forstå dynamikk og endringar i ratar kopla til klimaendringar i fortida som er lik dei som er beregna for framtida.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • feltarbeid (innsamling av jordprøver og torvmateriale) og laboratoriearbeid (pollen og makrofossilanalyse)
  • sedimentanalyse (XRF, glødetap)
  • 14C dateringar og utvikling av aldersmodellar
  • analysar av data og presentasjon av resultat
  • rekonstruksjon av fortidas vegetasjon og miljø
  • modellering av fortidas vegetasjon og landskap, inkludert karbondynamikk
  • stipendiatens endelege arbeidsoppgåver vil bli avtalt på grunnlag av kandidaten sin bakgrunn og forskingsinteresser saman med rettleiarane

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i økologi, paleoøkologi, paleoklima eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Røynsle med paleoøkologiske felt- og labmetodar og/eller vegetasjonsøkologiske studie, innsamling og analyse av data er ein føremon.
  • Som ph.d.-kandidat er du oppfordra til å utforske eigne idear og forskingsspørsmål knytt til dei overordna måla for prosjektet. Gode problemløysingsferdigheiter vil difor bli høgt verdsatt hos kandidaten
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden

Om forskarutdanninga:Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • utdanning og opplæring i metodar
  • hjelp til å utvikle eigen karriere
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit kort dokument (1 side) som skildrar dei forskingsspørsmåla og tilnærmingane du ville være interessert i å nytta i prosjektet
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS