Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i paleoøkologi / økosystem endring / karbonmodellering

Søknadsfrist 07.04.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i paleoøkologi/økosystem endring/karbonmodellering

Ved Institutt for biovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som stipendiat i paleoøkologi/økosystem endring/karbonmodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til tema omkring forståinga av påverknaden av klimaendringar, jordbruk og naturleg suksesjon på økosystems samansetning, artsmangfald og lagring av karbon i jord.

Hovudfokuset i prosjektet ligg i å utnytte organiske avsetningar frå myr og innsjø som arkiv for å avdekke lange tidsperiodar for å gi informasjon om korleis naturleg suksesjon og avskoging har påverka både biologisk mangfald og karbonlagring i jorda. Paleoøkologiske arkiv vil gjera det mogleg å forstå korleis artar og økosystem responderer på endringar i jordbruket og identifisere/forstå dynamikk og endringar i ratar kopla til klimaendringar i fortida som er lik dei som er beregna for framtida.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • feltarbeid (innsamling av jordprøver og torvmateriale) og laboratoriearbeid (pollen og makrofossilanalyse)
  • sedimentanalyse (XRF, glødetap)
  • 14C dateringar og utvikling av aldersmodellar
  • analysar av data og presentasjon av resultat
  • rekonstruksjon av fortidas vegetasjon og miljø
  • modellering av fortidas vegetasjon og landskap, inkludert karbondynamikk
  • stipendiatens endelege arbeidsoppgåver vil bli avtalt på grunnlag av kandidaten sin bakgrunn og forskingsinteresser saman med rettleiarane

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

  • Søkjaren må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i økologi, paleoøkologi, paleoklima eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Røynsle med paleoøkologiske felt- og labmetodar og/eller vegetasjonsøkologiske studie, innsamling og analyse av data er ein føremon.
  • Som ph.d.-kandidat er du oppfordra til å utforske eigne idear og forskingsspørsmål knytt til dei overordna måla for prosjektet. Gode problemløysingsferdigheiter vil difor bli høgt verdsatt hos kandidaten
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • utdanning og opplæring i metodar
  • hjelp til å utvikle eigen karriere
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit kort dokument (1 side) som skildrar dei forskingsspørsmåla og tilnærmingane du ville være interessert i å nytta i prosjektet
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS