Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i NMR spektroskopi

Søknadsfrist: 03.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei ph.d.-stilling i NMR-spektroskopi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med undervisningsoppgåver tilsvarande 1 år ved instituttet, og ho er knytt til PePrMInt prosjektet (Peripheral Protein-Membrane Interactome). Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og leia av Professor Nathalie Reuter (https://www.cbu.uib.no/reuter ).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PePrMInt prosjektet tar sikte på å finna strukturelle- og aminosyremønstre på membranbindingsete av perifere membranprotein for betre forståing av protein-lipid interactome data. Prosjektet er multidisiplinært og vi vil i tillegg til stipendiaten tilsetje ein programmerar og to postdoktorar. Den heldige kandidaten som blir tilsett i denne stillinga, vil bruke fast-fase NMR-spektroskopi; Magic Angle Spinning (MAS) og NMR eksperiment på makroskopisk orienterte lipid-membranar (på glasplater) for å avgjera struktur- og aminosyremønstre på membranbindingsstader. Kandidaten vil også utføra syntese av peptida som er valt ut for studien.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande grad innan kjemi, eller må ha innlevert masteroppgåva for vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert utdanning og omfattande erfaring med NMR-spektroskopi er eit krav.
  • Erfaring med eller kunnskap om fast-fase NMR brukt i livsvitskapeleg forsking eller på overflatebundne molekyl er ei føremon.
  • Erfaring med lipidkjemi er ei føremon.
  • Erfaring med peptidsyntese er ei føremon.
  • Søkarar må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar bør ha gode norskkunnskapar, eventuelt eit anna skandinavisk språk

Vi vil legge vekt på personlege og mellommenneskelege eigenskapar. Ambisjonar, potensial og motivasjon for forsking vil også bli tillagt betydeleg vekt ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Professor Willy Nerdal, Department of Chemistry, University of Bergen. Email: Willy.Nerdal.@uib.no, phone: +47 93466064
  • Professor Nathalie Reuter, Department of Chemistry, University of Bergen. Email: Nathalie.Reuter@uib.no, phone: +47 55 58 40 40

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS