Stilling:

Stipendiat i molekylærbiologi

Søknadsfrist 15.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i molekylærbiologi

Ved Institutt for biovitskap det ledig ei stilling som stipendiat i molekylærbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet “Investigation of algal toxins in regulating stress granule formation and cell survival via the neurodegenerative disease associated factor DJ-1” finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

β-N-methylamino- L-alanine (BMAA) er eit stress-induserande toksin. Det multifunksjonelle proteinet DJ-1 beskyttar mot den neurotoksiske verknaden til BMAA. BMAA er eit algetoksin som vert produsert av cyanobakteriar og dinoflagellatar, og det kan vere ein mogleg miljøfaktor for utviklinga av Amyotrophic Lateral Sclerosis (ALS). DJ-1 vart nyleg vist å kolokalisera med stressgranula. Stressgranula er strukturar som oppstår/forsvinn avhengig av stress inni cella. Stipendiaten skal fokusera på å forstå den cellulære mekanismen som førar til BMAA nervetoksisitet. Eksperimenta vil utførast i cellelinjer og transgene zebrafisk for å undersøka danning av stressgranula som respons til BMAA eksponering. Cellelinjer og transgene zebrafisk vil bli brukt til å undersøka korleis DJ-1 regulerer stressgranula. RNA-protein isolering og RNA-sekvensering vil bli brukt for å identifisera mRNA interaktomet til DJ-1. Prosjektet gjev multidisiplinær trening og kompetanse innanfor cellebiologi, molekylærbiologi, transgene zebrafisk og bioinformatikk. Professor KE Fladmark vil vera hovudrettleiar og førsteamanuensis S-N Grellscheid, og professor L Ebbesson vil vera medrettleiarar på prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i molekylærbiologi eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå arbeid innan molekylær neurobiologi, CRISPR/cas9 metodikk, zebrafisk arbeid eller live imaging er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Prof. Kari Espolin Fladmark, Institutt for biovitskap, telefon 55-584514.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS