Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i modellering av prosesser i grenseflata mellom luft og snø

Søknadsfrist: 06.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i atmosfære-kryosfære og iskjerneisotopforsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til ERC SG-prosjektet SNOWISO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Stipendiatstillinga er ein del av prosjektet SNOWISO – “Signals from the Surface Snow: Post-Depositional Processes Controlling the Ice Core isotopic Fingerprint “, som er finansiert av Det europeiske forskningsrådet si ordning Starting Grant.

SNOWISO-prosjektet kombinerer observasjonar i felt, laboratorieeksperiment og kopla klimamodellar for å forstå og kvantifisere klimasignala som er lagra i iskjernene som arkiv over vass-isotopar frå Grønland og Antarktis.

Den grunnleggjande hypotesa for SNOWISO er at klimasignal frå iskjernene sin isotopsamansetjing ikkje berre er styrt av isotopsamansetjinga i nedbøren, men ein kombinasjon av nedbør og utveksling mellom snøoverflata og atmosfæren. Gjennom å forstå og være i stand til å modellere informasjonen som er lagra i iskjernane frå dei store isdekka i polområda vil SNOWISO legge til rette for isotop-baserte generelle sirkulasjonsmodellar (GCM). Dette vil gjere det mogleg å hente ut meir informasjon frå iskjerne-arkiva enn lokale temperaturvariasjonar.

Arbeidet til stipendiaten vil særleg dreie seg om modellering av prosessar som påverkar isotopsamansetjinga i iskjernane etter avsetjing under ulike klimatiske tilhøve for å tolke klimavariabiliteten frå iskjernane.

Arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil reevaluere dei fysiske grunnlaga for prosessar for luft-snø utveksling av vass-isotopar både med tanke på teori, målingar og implementering av modellar. Feltobservasjonar og eksperiment i laboratoria vil bli nytta i lag med eksisterande teoriar for å utvikle og implementere ei ny fysisk forståing av relevante prosessar for isotop-baserte regionale og generelle sirkulasjonsmodellar.

Gevinsten av forbetra skildringar og redusert usikkerheit av stabile isotop-prosessar på molekylnivå i luft-snø utveksling vil bli evaluert ved modellering i isotop-baserte kopla atmosfæriske modellar. Resultata vil bli vurderte med omsyn til signala frå proxy-klimadataarkiv frå iskjernar frå Grønland og Antarktis frå ulike klimatiske periodar.

Som stipendiat vil du vere ein del av ei forskingsgruppe ved Geofysisk institutt, og du vil vere knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største klimaforskingssenteret i Norden, og blant dei leiande i Europa. Arbeidsmiljøet er svært internasjonalt med rundt 200 forskarar frå 37 land. Du vil også vere med i den nasjonale forskarskulen Changing Climates in the Coupled Earth System (CHESS).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i atmosfærisk vitskap, fysikk, ingeniørvitskap, matematikk, geofysikk eller relevant miljøvitskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn i fysikk, isogeokjemi, atmosfærisk vitskap, klimatologi, eller relaterte fagområde er eit krav
  • Erfaring frå script, programmering og dataanalyse (eit eller fleire av språka Python, Matlab, R, C++, FORTRAN) er eit krav
  • Erfaring frå å køyre klimamodellar med tungrekning, så vel som analyse og visualisering av modell resultat (e.g. netCDF files) er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjarar må ha evne til å kommunisere og samarbeide med ei større forskargruppe

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

Den som vert tilsett, må vere budd på å arbeide i ei internasjonal gruppe og opphalde seg ved samarbeidande institusjonar i lengre periodar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga og korleis søkjaren sin bakgrunn er egna til stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar samt kopi av masteroppgava

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS