Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i meteorologi

Søknadsfrist: 15.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i meteorologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Doktorgradsprosjektet vil konsentrere seg om interaksjonsprosesser mellom luft og hav med vekt på mekanismane som verkar på både temporære og romleg skala under utbrot av kaldluft og frontar i stormbanane. Både temperaturgradienten i havoverflata så vel som sjøis ved høgre breiddegradar påverkar atmosfæren sterkt, særleg lågnivå baroklinisitet og grenselagsprosessar mellom hav og atmosfære. Likevel er vår grunnleggjande forståing av den direkte og indirekte påverknaden temperaturen i havoverflata og fordeling av sjøis har på atmosfæren enno avgrensa. Kandidaten vil undersøke mekanismane som oseaniske frontar og sjøisen samhandlar med atmosfæren, ved å bruke teori og idealiserte simuleringar, så vel som ny og etablert diagnostikk anvendt på reanalyse og klimamodelldata.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, oseanografi, fysikk, matematikk eller andre relevante fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkarar må ha god kunnskap i atmosfærisk dynamikk
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i programmering (FORTRAN, Python) og i å utføre modell-simuleringar
  • Erfaring med å utleie analytiske løysingar og analyse av modelldata er ein fordel.
  • Søkarar bør generelt vere vitskapleg nyfikne, og særleg innan det aktuelle feltet, og vere sjølvstendige med å utforske og implementere nye metodar og idear.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i den norske forskarskulen «Changing Climates in the Coupled Earth System».
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS