Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i marin geofysikk og fluid dynamikk i hydrotermale system

Søknadsfrist: 08.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat innan marin geofysikk og fluiddynamikk i hydrotermale system. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og er knytt til K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking fokuserer på multidisiplinær forsking i arktiske område og organiserer årlege djuphavsekspedisjonar for å studere geologi og biologi ved midthavsryggar. Under desse forskingstokta blir det samla inn data og prøvar ved hjelp av moderne undervassfarkostar. Denne ph.d.-stillinga er retta mot geofysisk- og undergrunnsfluid-dynamikk karakterisering av hydrotermale system.

Sjølv om hydrotermale system typisk er betrakta som stabile (steady-state) strømingsmiljø, indikerer feltbaserte observasjonar at strømingsratar og temperaturar er høgst variable over eit stort spekter av rom- og tidskalaer. Desse observasjonane demonstrerer at hydrotermale system responderer til undergrunns-prosessar slik som jordskjelv, magmatisk aktivitet, oppløysing/utfelling av hydrotermale mineraler, og den poroelastiske responsen av tidevasstrykket.

Målet med ph.d.-prosjektet er å betre vår forståing av undergrunnsdynamikken til hydrotermale system ved å kombinere observasjonar, dataanalyse og modellering for til slutt å integrere og innlemme komplekse strømingsobservasjonar i eit koherent teoretisk rammeverk. Eit sentralt mål for prosjektet er å finne ut den komplekse mekanismen som forstyrrar - periodisk eller episodisk – væskestrømmer ved å endre dei termale forhold og/eller stress-forholda i undergrunnsskorpa på korte tidsskalaer.

Forskinga vil stort sett vere basert på det statistiske og komparative studiet av eit multidisiplinert sett av tidsseriedata, ved å bruke ein kombinasjon av spektrale, multivariat statistiske og avbildingsmetodar, for å objektivt kunne kvantifisere rom-tid-variasjonen av strømingsforstyrringar på tvers av eit ordensstørrelses-spektrum både for tid- og rom-skala.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i (marin) geofysikk/geologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med signalprosessering (statistisk, stokastisk og spektral metodar), hydrotermale prosessar (varme, masse og kjemisk transport), så vel som i fluid dynamikk (particle image velocimetry, buoyant plume theory, porous media flow) er ein føremon.
  • Erfaring med data mining og handsaming er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. År beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Thibaut Barreyre, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, e-post: [email protected], tlf: +47-55 58 36 55

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen