Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i klimadynamikk

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi/klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet Arven etter Nansen finansiert av Norges forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Doktorgradsprosjektet gjeld Golfstrømmen sin rolle i klima. Kandidaten skal studere mekanismar knytt til nåverande og framtidige endringar i havsirkulasjonen i Atlanterhavet og Arktis. Eit hovudmål vil vere å undersøka korleis endringar i Golfstrømsystemet fordel seg mellom Arktis og Nord-Atlanteren, og mellom den så kalla Atlantic Meridional Overturning Circulation og dei horisontale vind-drivne gyrene, inkludert endringane sin samanheng med klima over land.

Doktorgradsprosjektet vil basere seg på analyse av tilgjengelege observasjonar og såkalla reanalyse data for å utvikle eit rammeverk for forståinga av endringar i klima og havsirkulasjonen i Atlanterhavet og Arktis. Klimamodell-simuleringarvil bli brukt for ein ytterlegare forståing av mekanismane bak nåverande og framtidige endringar.

Rettleiarar vil vere professor Tor Eldevik og forskar Marius Årthun, og internasjonale samarbeidspartnare inkluderer professor Fiammetta Straneo, Scripps at University of California, San Diego, og dr Helen Johnson, University of Oxford. Det er ønskjelig og vil bli rettelagt for at kandidaten tar del i dette samarbeidet som del av ph.d.-prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.01.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det vert kravd god kunnskap om hav- og klimadynamikk
  • Det er sterkt ønskeleg at kandidaten har god kjennskap til havsirkulasjon og hav-atmosfære koplingar i Arktis og Nord-Atlanteren, med fokus på mellomårlege til tiårleg tidsskala.
  • Erfaring med bruk og formulering av konsept-modeller, og å skaffe til veie og å gjere statistisk analyse av klimarelaterte data, er ein fordel.
  • Gode ferdigheiter i vitskapeleg programmering (for eks. Matlab, Python, Fortran) er ønskjeleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.01.2020.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS