Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i hydrotermisk organisk geokjemi

Søknadsfrist: 31.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i hydrotermisk organisk geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til forskningsrådet sitt FRINATEK-prosjekt "HyPOD" (2019-2023, Prosjektleder: E. Reeves).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

PhD-stillinga tek sikte på å eksperimentelt avgjera kva for typar organiske molekyl som er generert ved pyrolyse av mikrobielt eller biologisk organisk materiale under hydrotermale forhold, og kople desse dataa med nye målingar av organiske molekyl med låg molekylvekt i innsamla hydrotermiske væskeprøver. Hovudmålet med HyPOD-prosjektet er å gje eit grunnleggande rammeverk for å forstå ulike organiske sambindingar som dannast i hydrotermiske væsker frå ulike geologiske omgivnadar, og styrke vår forståing av prosessane under havbotnen som fører til danning av molekyl som er relevante for eit formodet hydrotermalt livsopphav. Kandidaten som vert tilsett må hjelpe til med dyrking av mikroorganismar frå hydrotermale system, utføre hydrotermale eksperiment i laboratoriet – ved å måle oppløyste gassar og deira stabile isotoper ved bruk av gasskromatografi og massespektrometri, og undersøkje attverande biomarkører. Stipendiaten vil også integrere dei eksperimentelle resultata med analoge målingar frå væskeprøver samla under tokt til midt-havsryggane i Atlanterhavet, i Arktisk og i Stillehavet som ein del av HyPOD-teamet. Ein kan også rekna med korte forskningsopphald (for spesialanalysar) med prosjektpartnarar i Tyskland (University of Oldenburg / Bremen).

Stipendiaten vil vere knytt til K. G. Jebsen-senter for djuphavsforsking, som fokuserer på tverrfagleg forsking i arktiske djuphavsmiljø. Senteret organiserer årlege forskingstokt for å studere varmekjelder lokalisert på den arktiske midthavsryggen. Det vil og vere mogleg å delta på internasjonale forskingstokt. Prøvetakinga vert utført ved bruk av moderne undervassfarkostar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande med spesialisering i geokjemi eller geomikrobiologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert kunnskap (t.d. kurs / forsking) i organisk geokjemi eller geomikrobiologi er eit krav (begge føretrekte).
  • Dokumentert praktisk erfaring (t.d. avhandling) frå analyse av organiske sambindingar (t.d. hydrokarbonar) og gassar i geologiske prøver er ein føremon.
  • Dokumentert kunnskap (t.d. kurs / forsking) om hydrotermale prosessar er ein føremon.
  • Erfaring med toktbasert geokjemisk forsking er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, også som ein del av eit større lag.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Eoghan P. Reeves, Inst. for Geovitenskap, UiB (eoghan.reeves@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS