Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i geomikrobiologi

Søknadsfrist: 15.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning, ved Institutt for geovitskap, er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat for ein periode på tre (3) år. Stillinga, som er finansiert av Forskningsrådet, er knytt til prosjektet EnterDeep og tett kopla til ICDP SUSTAIN-boreprosjektet på Surtsey-vulkanen på Island.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den miljømessige påverkinga av mikrobiell aktivitet i havskorpa er nesten u-utforska. Samstundes er det ingen tvil om eksistensen til ei djup biosfære som skaffar seg energi ved å utnytte redoksreaksjonar i desse miljøa.

EnterDeep-prosjektet freistar å undersøkje korleis slike mikrobielle prosessar endrar nydanna oseanske basaltar med særskilt fokus på å kvantifisere dei miljømessige påverknadene mikrobiell aktivitet har på dette habitatet.

Prosjektet er interdisiplinært og nyttar både mikrobiologiske og geokjemiske metodar. Kandidaten vil vere del av ei interdisiplinær forskargruppe og vil samarbeide med mikrobiologiar, geokjemikarar og geologar. Spesifikt vil kandidaten samarbeide nært med ein postdoc i geokjemi knytt til same prosjekt.

Prosjektet kombinerer eksperiment med in-situ mikrobiell kolonisering og ex-situ laboratorieeksperiment for å undersøkje koplingane mellom mikrobiell aktivitet og populasjonsdynamikk, og redoks-reaksjonsratar. Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere å skaffe og analysere molekylære data og kople desse til målte og modellerte geokjemiske data.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha fullført mastergrad eller tilsvarande innan mikrobiologi, geokjemi eller andre relevante felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med laboratoriearbeid og analytiske teknikkar som DNA-ekstraksjon, PCR, FISH og elektronmikroskopi er ein føremon.
  • Tidlegare erfaring med lavbiomassemiljø, geomikrobiologi, reaksjonsrateberekningar og mikrobiell samfunnsdynamikk er ein føremon.
  • Tidlegare erfaring med molekylær datahandsaming, inkludert shotgun-metagenomisk samanstilling og annotering vil òg vere ein føremon.
  • Søkjarar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise engasjement for interdisiplinært samarbeid.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Steffen Jørgensen, telefon +47 41626055, e-post: steffen.jorgensen@uib.no
  • Ingunn H. Thorseth, telefon +47 41528683, e-post: ingunn.thorseth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS