Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i forseglingsanalyse

Søknadsfrist: 04.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i forseglingsanalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er fullfinansiert av Equinor ASA.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjekttittel: Forseglingsanalyse og fluidkontakt-kontroll for CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel.

Forståing av forseglinga av oppdriftspåverka fluid i undergrunnen er viktig både for lagring av CO2 i undergrunnen og for leiting etter hydrokarbon. Dataa som nyttas for validering av teoretisk forseglingsanalyse kjem nesten berre frå olje- og gassindustrien. Forsking ved Universitetet i Bergen som har omhandla kva faktorar som kontrollerer fluidkontaktar på ulike deler av norsk kontinentalsokkel, og seismiske data frå geofysiske selskap og/eller produksjonslisensar på norsk kontinentalsokkel, vil danne eit viktig grunnlag for arbeidet.

Formålet med prosjektet er å betre vår noverande kunnskap om dei prosessar som leiar til oppsamling av oppdriftspåverka fluid. Slike prosessar inkluderer leirsmøring, diagenese i forkastingsplan, overtrykksoppbygging, og forhold som leiar til skjær- og tensile brot i bergartar. Analysar av fluidkontaktposisjonar og variasjonar internt i olje- og gassfelt på norsk kontinentalsokkel, og deira forhold til fellenes strukturelle kapasitet og førekomst av direkte fluidindikatorar i seismiske data, vil utgjere ein betydeleg del av arbeidet. Den prediktive utsegnskrafta til teoretiske samanhengar som framkjem gjennom prosjektarbeidet skal adresserast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geovitskap, innan strukturgeologi, bassenganalyse eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå seismisk dataanalyse er eit krav.
  • Erfaring frå forseglingsanalyse for hydrokarbonleiting eller CO2-lagring er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Christian Hermanrud, Institutt for geovitenskap / Equinor, tilf +47 958 11362, Christian.Hermanrud@uib.no / che@equinor.com

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS