Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i fiskeernæring

Søknadsfrist: 28.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i fiskeernæring

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i fiskeernæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Universitetet i Bergen, men arbeidet vil bli utført i prosjektgruppa Behov og velferd ved Havforskingsinstituttet (HI), Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten vil arbeide i eit strategisk instituttsatsingsprosjekt om «Nye marine råvarer som fôr og mat» finansiert av Norges Forskningsråd (NFR). Noreg har som målsetjing å bidra til berekraftig verdiskaping i den marine sektoren både nasjonal og globalt. Dette kan mellom anna gjerast ved å auke produksjonen av mat gjennom akvakultur, eller gjennom hausting av biomasse lågare i den marine næringskjeda til bruk i akvakultur. Blåskjel, som er lågt i næringskjeda, er sekundære konsumentar, og difor ideelle kandidatar for å utnytte tilgjengelege ressursar på lågare trofiske nivå i det marine økosystemet. Det er estimert at meir enn 100 millionar tonn av filter-fødere kan bli kultivert verda over (SAPEA-evidence report 1, 2017). Storskala oppdrett av lågtrofiske artar kan derimot påverke det marine økosystemet ved å påverke energioverføring i den marine næringskjeda, og dermed den biokjemiske samansetjinga og næringsinnhaldet i produktet. På grunnlag av dette vil det i dette prosjektet bli undersøkt korleis dei marine økosystema kan bli påverka av fjerning av trofiske ressursar gjennom modellering av relevante akvakulturscenario for biomasseproduksjon av potensielle lågtrofiske artar. Dette ph.d.-prosjektet vil bidra med ny kunnskap om korleis miljøet vert påverka av utnytting av lågtrofiske marine ressursar som fiskefôringrediensar gjennom modellering og livsløpsanalyser (LCA).

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring innan marinbiologi, økosystemmodellering og/eller livsløpsanalyser er ønskeleg
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Eventuelt pliktarbeid kjem i tillegg. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlige lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto.. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar dr. Antony Jesu Prabhu, Forskningsgruppa Behov og velferd, Havforskningsinstituttet, Bergen. E-post: antony.philip@hi.no
  • Forskar dr. Øivind Strand, Forskningsgruppa Bentiske ressursar og prosessar, Havforskningsinstituttet, Bergen. E-post: oivind.strand@hi.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS