Stilling:

Stipendiat i eksperimentell økologi / fotobiologi / paleoøkologi

Søknadsfrist 16. januar 2019

Ved Institutt for Biovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group (https://www.uib.no/rg/EECRG). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Ultrafiolett-B stråling (UV-B) er sannsynlegvis ein viktig stressfaktor for organismar gjennom den geologisk historia, men det finnast ingen systematisk metode for å rekonstruere UV-B-stråling på jorda si overflate, utover det som er registrert med moderne utstyr. Vi veit derfor lite om endringar og verknader av UV-B-stråling på klima- og biosfæredynamikk over ein tidsskala frå hundreår til millionar av år.

Dette ph.d.-prosjektet byggjer på kunnskap om at endringar i den kjemiske samansetnaden i pollenkorn kan brukast til å rekonstruere UV-B-stråling. Pollen og eksosporer (ytre veggar) er laga av sporopollenin; eit komplekst biomolekyl som er blant anna består av UV-B-absorberande sambindingar. Desse sambindingane er antatt å beskytte DNA mot skader og mutagenese. Fordi pollen blir bevart i innsjø- og myrsediment, kan UV-B-absorberande sambindingar i pollen og sporar brukast til å rekonstruere UV-B-stråling over tusen, og millionar, av år.

Kandidaten som vert tilsett vil ha ansvar for å gjennomføre ei rekkje drivhus- og feltbaserte eksperiment for å teste hypotesen at plantar som veks under høgare nivå av UV-B-stråling produserer pollen som inneheld høgare konsentrasjonar av UV-B-absorberande sambindingar. Desse resultata skal deretter integrerast i kvantitative kalibreringsmodellar for å gjere det mogleg å lage robuste rekonstruksjonar av UV-B-stråling frå paleoøkologiske data (t.d. sedimentkjernar).

Med dette som rammeverk, vert kandidaten ein viktig del av eit tverrfagleg, internasjonalt team, som utviklar ei rekkje teknikkar for å bestemme UV-B-responsen i pollenkorn i både feltbaserte og eksperimentelle miljø. Kandidaten skal utvikle ferdigheiter i måling av UV-B-absorberande sambindingar med massespektrometri og vibrasjonsspektroskopiske teknikkar, og er ansvarleg for avanserte statistiske analysar av resultat frå prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan feltbasert eller eksperimentell økologi, fotobiologi, paleoøkologi eller relaterte fagområder som er relevante for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må kunne bruke tverrfaglege tilnærmingar i eksperimentell/feltbasert økologi, og utføre nøyaktig laboratoriearbeid.
  • Som ph.d.-kandidat er du oppfordra til å utforske eigne idear og forskingsspørsmål knytt til dei overordna måla for prosjektet. Problemløysingsferdigheiter vil bli høgt verdsatt hos kandidaten.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevne.
  • Kanndidaten må ha gode engelskkunnskapar skriftleg og munnleg

Særeigne krav for stillinga

  • Kunnskap om, og erfaring med, feltbaserte / drivhus-eksperimentelle teknikkar innan fotobiologi eller relaterte relevante fagområde er ein føremon.
  • Du må kunne jobbe i laboratorium og ha erfaring med nøyaktig arbeid med mikroskopisk prøvemateriale.
  • Erfaring med statistisk analyse av økologiske data, til dømes bruk av generaliserte lineære blande-effektmodellar og generell additivmodellering (helst i R) er ein føremon.
  • Erfaring med feltarbeid i fjellet på en sikker og ansvarleg måte, er ein føremon. Gyldig førarkort vil vere nyttig.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Inkluder gjerne DOI.
  • Publikasjonar som ikkje kan finnes via DOI.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Alistair Seddon, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen (e-post: alistair.seddon@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS