Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i atmosfæredynamikk og ekstremnedbør

Søknadsfrist: 15.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Stillinga er knytt til forskingsgruppa klimadynamikk ved Geofysisk Institutt og Bjerknessenteret for Klimaforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten vil bruke ein kombinasjon av atmosfæriske reanalysar, punkt observasjonar og klimasimuleringar for betre å forstå ekstremnedbør. Det vil verte lagt spesiell vekt på forståinga av korleis variabilitet og systematiske forandringar i atmosfæren sin dynamikk påverkar ekstremnedbør.
  • Arbeidet vil bestå av atmosfæriske analysar som vil krevje ein sterk bakgrunn i atmosfæredynamikk og statistisk analyse.
  • Avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og interesser kan idealiserte høg-oppløyselege atmosfæriske simuleringar verta ein del av arbeidet.

PhD stillinga vil inngå som en del av Bjerknessenteret (https://bjerknes.uib.no/) og prosjektet Climate Hazards and Extremes (CHEX). Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land. Som stipendiat vil du være ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - changing climates in the coupled earth system (CHESS, https://chess.w.uib.no/) som tilbyr ei rekke relevante PhD kurs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan meteorologi eller relaterte fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15.08.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i atmosfæredynamikk og termodynamiske prosessar relevant for sky og nedbørsprosessar er eit krav.
  • Dokumentert kunnskap om atmosfæredynamikk på midlare og høge breddegrader er eit føremon.
  • Erfaring med statistisk analyse av meteorologiske observasjonar eller data frå numeriske vêrvarslingmodellar eller klimamodellar er eit føremon.
  • Praktisk erfaring i programmering (Fortran, C++, matlab, python, R eller liknande) er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjaren må være villig til å lære seg norsk om ein ikkje allereie kan det.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

Det forventas at stipendiaten tek aktiv del i det pågåande forskingssamarbeidet mellom Bjerknessenteret for klimaforskning og Nansen-Zhu International Research Center i Beijing, Kina. Eit av måla med samarbeidet er auka utveksling av forskarar og studentar mellom Kina og Noreg. Stillinga inneber såleis eit forskingsopphald på minimum 6 månader i Kina.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2019.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Asgeir Sorteberg (asgeir.sorteberg@uib.no), Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS