Stilling:

Stipendiat (Det samfunnsvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist 28.06.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i samfunnsgeografi.

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervising og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Universitetet i Bergen har tre strategiske satsningsområde: marin forsking, klima og energiomstilling og globale samfunnsutfordringar. Strategien er å lese her https://www.uib.no/strategi. Institutt for geografi har forskingsaktivitetar som reflekterer desse. Eit viktig fokus for instituttets forsking er komplementære og kritiske perspektiv på FN’s berekraftsmål i Noreg og globalt.

Forsking og undervising ved instituttet er organisert i tre grupper: Samfunnsgeografi, miljø- og landskapsgeografi og naturgeografi. I tillegg har instituttet ei gruppe for Systemdynamikk, og Senter for klima- og energiomstilling (CET) er lokalisert på instituttet. Instituttet satsar på å styrke desse gruppene, men samtidig skape synergiar mellom gruppene.

Stillinga er knytt til samfunnsgeografigruppa. Gruppa arbeider med samfunnsgeografi i eit lokalt og globalt perspektiv, frå små lokalsamfunn til storbyar. Vi søkjer ein PhD kandidat med eit prosjekt som kan bidra til å styrke eit av våre aktuelle forskingstema:

  • Byplanlegging og stadsutvikling
  • Grøn omstilling og næringsutvikling
  • Global ulikskap og utvikling
  • Forvalting av naturressursar
  • Matproduksjon og matsikkerheit
  • Klima og energiomstilling

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande i samfunnsgeografi. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking
  • Gode sosiale eigenskapar og erfaring med arbeid i team er viktig.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg. Undervisinga er til vanleg på norsk og engelsk.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervising og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og føre fram til innlevering av ein Ph.d.-avhandling. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve på minst 30 ECTS. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Om prosjektet: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 51 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr.449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar du vil innlevere for bedømminga (inklusive din masteroppgåve eller tilsvarende).
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk stillinga».

Søknaden må merkast: 19/2286

Søknadsfrist: 28. juni 2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, telefon +47 55 58 90 56, e-mail: beathe.moldestad@uib.no

Den som vert tilsett vil verte teken opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på https://www.uib.no/svf/38045/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, telefon: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS