Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (9 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 22.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ni (9) stipendiatstillingar frå 1. februar 2020.

Fakultetet sine forskarlinekandidatar som er ferdig uteksaminert hausten 2019, vert særskilt oppmoda om å søkje stilling. Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet.

Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire (4) år. Pliktarbeidet kan til dømes vera utviklingsarbeid, undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet/eininga.

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.

Høve til 50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % stipendiatstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er seks (6) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

To (2) stillingar er opne stipendiatstillingar

Stillingane er opne for søkjarar med masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt.

Ei (1) stilling er øyremerkt kandidat frå Stavanger/Haugesund/Førde

Prosjektet må vere eit samarbeidsprosjekt knytt til eit forskingsmiljø i helseføretaka i Stavanger, Haugesund eller Førde. Det er ein føresetnad at hovudrettleiar er tilsett ved Det medisinske fakultet.

Inntil seks (6) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina:

Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand. med. og master i odontologi. Det er berre dei som har fullført forskarlina under studiet som kan søkje på desse stillingane. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.

Dei som vert uteksaminert hausten 2019 startar i stillinga 1. februar 2020. Dei som vert uteksaminert våren 2020 startar i stillinga 1. september 2020.

Dei som får stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Desse stipendiatstillingane medfører ikkje arbeidsplikt ved instituttet, men dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt.
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
  • Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Vurdering av søkjaren:

Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterier:

  • Kandidat: Søkjarens kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innanfor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet og rettleiarerfaring. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.
  • Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert tillagt stor vekt.

Meir informasjon finn du på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger

Om stillinga:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav. http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønsramme 20.10) for tida kr 479 600 ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 496 100 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 523 200 ved tilsetjing
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Send søknad og CV (maks 4 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og eventuell(e) medrettleiar(ar). Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet.

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer:

  • 1. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode. http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger
  • 2. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning på originalspråket.
  • 3. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknad bør sendast så snart som mogleg når du veit du vil søkje på stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Legg ved dokumentasjon av engelsk-kunnskapar i tråd med følgjande krav: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programme
  • 4. Eventuelle vitskaplege arbeid (pdf) og liste over publikasjonar.
  • 5. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side)
    • hovudrettleiar sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal
    • kandidatproduksjon
    • hovudrettleiar sine publikasjonar dei siste fem (5) år
    • tall for hovudrettleiar sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar
    • hovudrettleiar sin H-indeks rekna etter Web of Science. Mal finn du på http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger.
    • dato for gjennomført fakultetet sitt kurs for rettleiarar
    • namn og startdato for ph.d.- og postdoktorkandidatar ein er hovud- og medrettleiar for som er finansiert av Det medisinske fakultet.
  • Gjeldande retningsliner ved Det medisinske fakultet:
    • Ein person kan ikkje vere rettleiar (hovud- eller medrettleiar) for meir enn fire personar i rekrutteringsstillingar frå fakultetet samstundes (gjeld ph.d.- og postdoktorstillingar samla). Dette betyr at kandidatar som søkjer med rettleiar som allereie rettleier fire personar i denne kategorien ikkje vil få sin søknad vurdert. Samstundes vert det innført stramare retningsliner for byte av hovudrettleiar. Det skal liggje føre særlege grunnar for byte av hovudrettleiar undervegs.
    • Unntak: Professorar i hovudstilling ved Det medisinske fakultet kan vere medrettleiar for ytterlegare to kandidatar (i tillegg til dei fire som er nemnt over) når hovudrettleiar for dei aktuelle kandidatane er vitskapleg tilsett som forskar eller postdoktor i same forskargruppe som professoren.
  • 6. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side).
  • 7. Invitasjon frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet), der det klart går fram kva oppgåver søkjar skal utføre.
  • 8. Eventuelle andre vedlegg.

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden.

Andre opplysningar:

Rettleiarar tilsett ved Det medisinske fakultet, må ha gjennomført fakultetet sitt nettbaserte rettleiarkurs ved søknadsfristen for at søknaden skal bli handsama. Hovudrettleiar må vere tilsett ved Det medisinske fakultet i heile stipendperioden.

Berre ein søknad vil bli evaluert frå kvar hovudrettleiar innan kvar søknadskategori stipendiat og postdoktor.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til:

  • Rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik (e-post: [email protected] , telefon: 55 58 61 42)

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forskarutdanning Roland Jonsson (e-post: [email protected] , telefon: 55 97 46 49).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen