Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (50 % stilling) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 15.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (50 % stilling)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat. Stillinga er ei 50 % stilling i seks (6) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Campylobacter-utbruddet i Askøy kommune», finansiert av UiB. Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin i Bergen. Det er eit ønskje at stillinga vert kombinert med stilling som lege i primærhelsetenesta.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet vart oppretta då Askøy vart ramma av eit stort utbrot av Campylobacter i juni 2019. Det er gjort datainnsamlingar i to rundar, og to nye rundar er planlagt (januar og juni 2020). Store kvantitative datamengder er samla inn i eit longitudinelt design.

Arbeidsoppgåver for stipendiaten er:

  • Delta i planlegging og innsamling av data
  • Legge data til rette for og analysere data
  • Skrive artiklar basert på data

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege. Erfaring frå norsk allmennmedisin og/eller samfunnsmedisin er naudsynt
  • Spesialitet i allmennmedisin eller samfunnsmedisin er ein føremon
  • Erfaring med utbrot i primærhelsetenesta vil vere ein føremon
  • Det vert lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk er eit krav
  • Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar engelsk-kunnskapar i samband med opptak i ph.d.-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor den fastlagde tidsramma utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønsramme 20.10) for tida kr 479 600 ved tilsetjing. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 496 100 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 523 200 ved tilsetjing
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV samt stadfesta autorisasjon som lege i Noreg
  • vitnemål frå all høgare utdanning og spesialistutdanning
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) og faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • ev dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Guri Rørtveit, guri.rortveit@uib.no tlf. 55 58 61 41

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS