Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 01.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Centre for Intervention Sciences in Maternal and Child Health (www.uib.no/en/cismac) , er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet ”Supplementation of vitamin B12 in pregnancy and postpartum on growth and neurodevelopment in early childhood: A Randomized, Placebo Controlled Trial” (https://www.uib.no/en/cismac/117184/b12-pregnancy), finansiert av UiB.

Arbeidsstad er Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse, men vil også i vesentlege delar av tida gå føre seg i Nepal.

Om CISMAC

CISMAC (www.uib.no/en/cismac) Senter for intervensjonsstuider i mødre- og barnehelse er eit Senter for Framifrå Forsking (SFF) støtta av Norges forskningsråd. CISMAC har som mål å betre mødre-, nyfødd- og barnehelse i låg- og mellominntekstland. Senteret vart etablert i 2013 og er eit globalt nettverk av institusjonar med partnarar frå Bangladesh, Etiopia, India, Nepal, Pakistan, Sør Afrika, Uganda, Zambia og Norge. CISMAC gjennomfører store randomiserte forsøk.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil arbeide med problemstillingar relatert til det kliniske forsøket i Nepal og delta i datainnsamlinga lokalt.

  • Bidra til datainnsamling i Nepal
  • Analysere store randomiserte plasebo kontrollerte forsøk

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i klinisk medisin, folkehelse eller psykologi
  • det er ein føremon med erfaring frå relevante forskingsprosjekt i låg- eller mellominntektsland
  • søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha evne til å samarbeide med andre
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Prosjektleiar/professor Tor A. Strand (e-post: tor.strand@uib.no tlf.: + 47 90 97 10 86)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS