Stilling:

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist 27.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Senter for farmasi og Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet ” Hyperemesis gravidarum ”, finansiert av UiB

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å få fram ny innsikt i klinisk praksis og bidra til betringar i svangerskapsomsorga for kvinner med moderat til alvorleg svangerskapskvalme (Hyperemesis gravidarum (HG)).

Stipendiaten sine hovudoppgåver er å studere korleis HG forløpar med behandling i sjukehus. Kvinner innlagt med HG på Haukeland Universitetssjukehus følgjes med forskjellige objektive parametrar. Vurdering foretas ved innlegging, ved utskriving og ei gitt tid etter utskriving. Stipendiaten skal også samanlikne retningslinjer for HG-behandling frå forskjellige norske sjukehus og evaluere behandling beskrive i pasientjournalar iht lokale og nasjonale retningslinjer. Legemiddelrelaterte problem for kvinner med HG vil eventuelt også kunne inngå i studien.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • godkjend cand.pharm./mastergrad i farmasi
  • erfaring innafor fagfeltet samfunnsfarmasi er ein føremon
  • erfaring frå relevant forskingsprosjekt er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg norsk og engelsk
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagd; Må kunne arbeide sjølvstendig og i team. Ansvarsmedvit og motivasjon vil bli vektlagd

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

For stillinga gjeldt følgande:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Som stipendiat ved Det medisinske fakultet skal du delta i eit godkjent program for ei doktorgrad innanfor den fastlagde tidsramma. Du må vere teken opp i doktorgradsprogrammet ved fakultetet for å kunne vere stipendiat. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/lønsramme 20.9) for tida kr. 449 400 ved tilsetjing. For søkjar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 53. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjar med spesialistutdanning lønssteg 58 (kode 1017/lønsramme 20.17)
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida her.

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sende elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte førsteamanuensis Lone Holst, lone.holst@uib.no tlf.: 55 58 61 52

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS